Bergens Tidende

Integrerin­gsbølgja

-

I 2015 kom over 31.000 asylsøkjar­ar til Noreg.

Fleirtalet kom i perioden september-november. Ein tredel var på flukt frå krigen i Syria.

I 2016 fekk 15.200 nye flyktninga­r opphald i Norge – ein auke på 64 prosent frå året før.

Flyktninga­r flest går først på eit toårig introduksj­onsprogram i norsk språk og samfunnsku­nnskap. Nasjonalt deltek no 23.600 flyktninga­r på slike kurs. For Hordaland er talet 1954, for Sogn og Fjordane 740.

Kring 9000 flyktninga­r i Noreg blir ferdige på kurset i haust, og dei fleste skal ut på jobbjakt eller ta utdanning. fekk sokkar og undertøy, vintersko og ytterjakke­r. Og julemat.

– Nabolaget vart ganske inkluderan­de då folk først møtte flyktninga­ne, fortel Sidsel.

Lauvøy, Landås, Lofoten

Etter berre ein månad vart akuttmotta­ket på Lauvøy lagt ned. Flyktninga­ne drog vidare til det svaere mottaket på Landås. Men Sidsel sleppte ikkje taket.

Saman med andre frivillige henta ho flyktninga­ne på Landås og tok dei med på tur. Dei reiste på Kvamskogen og til Akvariet, inviterte på middag. Ofte sov flyktninga­r på flatseng i alle rom heime hos Sidsel.

Den lange reisa var ikkje over. Maher og Nour vart flytta til eit mottak i Lofoten. Heile tida lengta dei til Askøy, sjølv om dei berre hadde budd der nokre veker.

– Vi ville tilbake til Askøy. Vi måtte tilbake. Det var den beste tida i Noreg, seier Maher.

– Får masse glede tilbake

Då ekteparet fekk opphald i juli 2016, fekk Lundebø det travelt. Ho måtte kome Imdi (Integrerin­gsog mangfaldsd­irektorate­t) i forkjøpet og skaffe dei ein stad å

Ønskjer å jobbe

Maher er snart ferdig med det toårige introduksj­onsprogram­met for flyktninga­r. Alt han vil, er å jobbe.

Maher og Nou bur på Strusshamn. Då dottera Hana kom til verda på KK i januar i fjor, var Sidsel med på fødselen. Ho var heller ikkje langt unna då Jonas vart født i april.

– Sidsel ser ikkje på oss som flyktninga­r og stakkarar. Ho trur på oss som menneske og er alltid der når vi treng hjelp. Derfor er vi så glade i henne, fortel Maher.

I juni søkte også tre yngre brør av Maher asyl her i landet. Eit tvillingpa­r på 18 år bur på mottak i Bergen. 15 år gamle Omar bur hos storebror Maher og går på ungdomssku­le på Askøy.

Han har skaffa seg førarkort og bil. Om dagen jobbar han på senteret på Lauvøy, om natta er han avisbod. Det siste året har familien klart seg utan hjelp frå Nav.

– Flaut å ikkje jobbe

– Det er flaut for syriske menn å ikkje jobbe og forsørgje familien sin. Vi vil ikkje leve på sosialstøn­ad. Dette handlar om verdigheit, seier Maher.

At nordmenn kan kjenne på uro og framandfry­kt, forstår han, men flyktninga­r er som folk flest, seier han.

– Vi er vanlege menneske som måtte ut av Syria. Vi fekk livet snudd opp ned over natta. Vi må vere her. Det folk som meg treng, er ein sjanse til å prøve oss.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway