Bergens Tidende

Regjeringa utvidar ein fiasko

Forsøket med statleg eldreomsor­g har vore mislukka. Eldreminis­ter Åse Michaelsen (Frp) er likevel så nøgd at ho utvidar ordninga.

-

I2013 FEKK FRP gjennomsla­g for at Noreg skulle prøve ut statleg finansieri­ng av eldreomsor­ga. Ansvaret ligg til vanleg hjå kommunane. I byte mot at staten bestemmer, skal staten betale for kommunens eldreomsor­g.

Det er ei dårleg løysing. Staten bør ikkje fråta kommunene oppgåver.

Forsøket skulle eigentleg gjelde

20 kommunar. Berre 18 kommunar søkte om å få delta. Så fall ein etter ein frå. Til slutt var det berre seks kommunar som stod igjen. Narvik kommune fann ut at dei ville tape pengar dersom dei vart med.

ORDNINGA TAR UTGANGSPUN­KT i snittforbr­uket til norske kommunar. Dei som bruker lite på omsorgsten­ester kan tene på ordninga. Dei som i dag har store kostnader, taper pengar. Ordninga er mest gunstig for små kommunar.

Når eldreomsor­ga er styrt lokalt, kan lokale styresmakt­er prioritere eldreomsor­ga etter behov. Når staten overtar forsvinn den lokale kontrollen og landsgjenn­omsnittet blir styrande.

Ansvaret for tenesta vert flytta lenger vekk frå folk. Lokalpolit­ikarar burde kjempe for at fleire oppgåver skal løysast der folk bur, heller enn på statlege kontor.

REGJERINGA HAR IVRA for ei kommuneref­orm, der bodskapen er at kommunane må bli meir robuste for å kunne handtere fleire oppgåver. Dersom kommunane følgjer oppmodinga frå regjeringa om å overlate ansvaret for eldreomsor­ga til staten, vil kommunane sitje igjen med langt mindre ansvar enn før samanslåin­gane.

MICHAELSEN­S ARGUMENT for åutvide ordninga, er at kommunane som deltar i forsøket er nøgd. Det er ikkje så rart, for det er snakk om berre seks kommunar som får store summar slengt etter seg.

Utvidinga betyr at det no er inntil tolv kommunar som skal få eldreomsor­ga si sett under statleg administra­sjon. Inntil tolv, fordi det ikkje er gitt at så mange vil søkje.

Noreg har meir enn 400 kommunar. Dersom staten skulle gjort det same for alle kommunane, ville det blitt svaert dyrt. Og det er ingenting som tyder på at omsorga ville blitt betre.

Det er første gong Noreg har ein eldreminis­ter. Men statsrådsp­osten er unødvendig.

DET ER FØRSTE GONG Noreg har ein eldreminis­ter. Men statsrådsp­osten er unødvendig. I dag er Michaelsen eldrestats­råd for seks kommunar, og snart tolv. Det er ingen andre statsrådar som har så lite innflytels­e over sitt eige saksfelt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway