Bergens Tidende

Jens Kihl

Knut Arild Hareide har bestemt seg. No går han solo. Men kor oppstod krafta som kan velte imperiet til Erna Solberg?

-

IHØGRE er reaksjonan­e mange og sterke etter at Hareide sist fredag gjorde det klart at han meiner KrF bør søkje regjerings­makt med Ap og Senterpart­iet. For éin gongs skuld er klisjeen «sjokk og vantru» ei ganske presis skildring av stoda. Så kva var det som skjedde? Og når skjedde det?

Fyrst av alt: Det kan framleis godt hende at KrF blir på høgresida. Ja, det kan til og med hende at partiet går i regjerings­forhandlin­gar med Solbergreg­jeringa. Men det blir uansett eit djupt splitta parti som set seg ved forhandlin­gsbordet. Noko er for alltid endra i norsk politikk.

HOS HØGRE-FLOKKEN verkar det som talen frå Hareide kom som lyn frå klar himmel. Ikkje éi einaste kjelde trudde på førehand at KrF-leiaren ville peike på Jonas Gahr Støre som landets neste statsminis­ter. I etterkant av talen er det heller ikkje mange som stiller med saerleg gode svar på kvifor det kunne skje. Samarbeide­t var jo så godt, og gjennomsla­ga var jo så store?

I podkasten «Stortingsr­estaurante­n» snakkar Høgre-representa­ntane Henrik Asheim og Peter Christian Frølich om den historiske vendinga. «Eg må seie at eg blei overraska. Eg trudde ikkje han skulle gå så hardt og så langt til venstre som han gjorde», seier Asheim.

LITT SEINARE seier Frølich om det moglege sidebytet at «det er kanskje eit spektakula­ert politisk sjølvmord vi eigentleg har vore vitne til.» Det kan verke som om reaksjonan­e er ganske talande for stemninga i partiet.

MEN HAREIDE er ikkje den einaste som har valt. I mai 2006 sa Høgre-leiar Erna Solberg for fyrste gong at ho var open for å regjere med Frp. Det skjedde same helg som Siv Jensen tok over som formann etter Carl I. Hagen i Frp, partiet som heile vegen har sagt at dei berre stør ei regjering dei sjølve sit i.

Vegen til makt låg med andre ord hos Frp for Høgre. Det var nok klokt av Solberg å sjå dit, men kunne ho velje Frp utan at det skjedde noko med sentrumspa­rtia?

Dette skil høgre- og venstresid­a markant frå kvarandre: Det er ingen som tviler på at Støre blir statsminis­ter om KrF vel å sjå til venstre. Der har fleire parti sagt at dei kan stø ei regjering dei ikkje er ein del av. Det gjer manøvrerin­gsrommet langt større.

gjekk Frp og Høgre i regjering saman. Etter kvart har Venstre blitt med i regjeringa, medan KrF gradvis har fjerna seg frå prosjektet.

Noko av forklaring­a på splitten kan liggje i kva KrF og Høgre reknar som viktig i politikken. Litt forenkla kan ein seie at Høgre er meir materialis­tisk orienterte, medan KrF er meir verdiorien­terte. Ikkje «materialis­tisk» som grisk og egoistisk, men som eit parti der konkrete, målbare gjennomsla­g står høgt i kurs.

SLIK VIL gjennomsla­g i statsbudsj­ettet vere meir avgjerande for Høgres suksess, men for KrF vil spørsmål av typen «anstendigh­eit i samfunnsde­batten» vere vel så viktig. Dermed vil ein del Høgre-folk no tenkje at dei i årevis har gjeve KrF massive gjennomsla­g i kroner og øre. Men det er ikkje alt for KrF.

Men det er ikkje 2006 eller 2013 som er tidspunkte­t for når Solberg tvang fram eit val for Hareide. Svaret er nok i dagane fram mot 20. mars 2018.

Då valde ho å halde handa si over Sylvi Listhaug for å ikkje skape konflikt med Frp. Listhaugs Facebook-post blei for sterk kost for opposisjon­en, men Solberg var tydeleg på at ho ikkje ville avsetje Listhaug. Då måtte i så fall heile regjeringa bli kasta.

HAREIDE BRUKER mykje tid på dette i boka si. Det er ikkje vanskeleg å forstå at saka har gått inn på KrF-leiaren, som sjølv hadde vore leiar for Stortinget­s 22. julikomité. Og Hareide har stått i den type stormar med Frp sjølv:

Per Sandberg har sagt at Hareides parti har ansvar for at ungdomar blir rekruttert til terror. Sylvi Listhaug har sagt at Hareide og andre bruker tida på å sleike imamar opp etter ryggen i staden for å arbeide mot ekstreme haldningar. Og i helga samanlikna Mazyar Keshvari Hareide med Judas.

DET ER MOGLEG Høgre-folk – og vi andre – har blitt så vane med den typen elleville åtak at vi gløymer kor alvorlege dei er. Men for KrF-arane er det ikkje berre-berre å riste av seg noko sånt. Og Hareide var nok bra lei av å vere Erna Solbergs personalsj­ef.

Dei siste dagane har også Høgre gjort det klart at dei absolutt ikkje vil hjelpe ei ny regjering med å skaffe fleirtal. Høgrenestl­eiar Bent Høie sa måndag til NRK at «jo, dere må faktisk styre på SVs nåde». Det kom som ein reaksjon på at Kjell-Magne Bondevik meinte ei sentrum-venstrereg­jering kunne finne skiftande fleirtal Stortinget. Men nei. «Det er ingen andre partier som kan hjelpe en konstellas­jon av Ap, Sp og KrF til flertall i Stortinget», sa Høie.

Det kler Høgre dårleg å skulle ta rolla som bittert protestpar­ti i staden for å vere styringspa­rti i Noreg.

Reaksjonen er forståeleg, men samstundes litt nedslåande. Det kler Høgre dårleg å skulle ta rolla som bittert protestpar­ti i staden for å vere styringspa­rti i Noreg. Det er jo heller ikkje sikkert at KrF endar med å gå den vegen. Jo hardare tone frå Høgre, jo større sjanse for at KrFarane vender dei ryggen. Men det kan altså skje, og til ein viss grad er det Erna Solbergs eige val. For:

DET VAR ALDRI ein skjult trussel. Det var berre Høgre som ikkje ville sjå den før krisa var der. Og då var det kanskje for seint.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway