Jørgen Johnsen frå Tromsø har funne varmt fellesskap i strikkinga. I helga var han på strikkefestival i Salhus. – Eg blir godt lagt merke til, seier 23-åringen.
Den gamle trikotasjefabrikken i Salhus har ikkje vore travlare sidan velmaktsdagane i etterkrigstida, og bygda har knapt hatt så mange tilreisande sidan Bodø-bandet «One, two six» spelte til striledans i siste halvdel av sekstitalet.
Livslang hobby
Strikkefestivalen har i si tredje utgåve samla rekordmange deltakarar, rundt 1500 påmelde. Og kjønnsubalansen i fabrikklokala er endå meir markant enn den gongen fabrikken gjekk for full maskin.
Jørgen Johnsen er ein av berre tre menn som har teke turen til industristaden lengst nordvest i Bergen.