Bergens Tidende

Høgre opnar for å lempe på hemmelegha­ldet

- EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Høgre stiller seg ikkje heilt avvisande til opposisjon­ens krav om offentlege prisar på legemidar.

Både Ap og Sp la onsdag fram forslag i Stortinget der dei krev at hemmelegha­ldet rundt legemiddel­prisar blir kraftig redusert.

Under helseminis­ter Bent Høies (H) styre har innsynet i kva fellesskap­et faktisk betaler for medisinar blitt kraftig innskrenka. Framforhan­dla prisar på såkalla superdyre medisinar blir haldne hemmelege. Det same gjeld prisane som helseføret­aka betaler etter anbodsrund­ar. Også prisar på enkelte medisinar på blå resept kan nå unntas frå innsyn.

KrFs helsepolit­iske talskvinne Olaug Bollestad, som også leiar helse- og omsorgskom­iteen, sa tysdag at KrF vil vurdere å støtte Ap-forslaget – som i så

fall vil ha fleirtal i Stortinget.

Avviser ikkje diskusjone­n

Nå stiller heller ikkje Høgres helsepolit­iske talsmann Sveinung Stensland seg heilt negativ til Apframlegg­et. Det slår blant anna fast at «enhetspris­er på legemidler som gis i norske sykehus som hovedregel skal vaere offentlige».

– Også vi ønskjer mest mogeleg openheit. Og til forskjell frå Sps forslag, utelukkar ikkje Ap at det kan vere nødvendig å gjere enkelte unntak frå hovudregel­en.

– Betyr det at det kan vere aktuelt å støtte Ap-framlegget også for Høgre?

– Eg skal ikkje avvise diskusjone­n. Vi skal handsame dette forslaget grundig.

– Ap vil også ha slutt på at helseføret­aka held hemmeleg prisane etter anbodsrund­ar. Her har jo helseminis­teren ikkje ønskt å instruere helseføret­aka om å endre linje?

– Eg meiner i utgangspun­ktet at helseføret­aka bør få lov til å ta desse vurderinga­ne sjølve. Men vi bør gi gode og fornuftige signal, og det kan heilt sikkert vere rom for opprydding, seier Stensland.

Ei rekkje høyringsin­stansar, inkludert Justisdepa­rtementet, har stilt seg kritiske til lovtolking­a som ligg til grunn for hemmelegha­ldet.

Viser til hepatitt C

Stensland har sjølv bakgrunn som farmasøyt, og er overtydd om at Noreg slepp mykje rimelegare unna ved å godta legemiddel­industrien­s krav om hemmelegha­ld av framforhan­dla prisar.

– Det er eit faktum at industrien ikkje ønskjer at gode ra-

 ?? FOTO: GORM KALLESTAD, NTB SCANPIX ?? MEDISINENS PRIS: Det kan bli slutt på hemmelegha­ldet om norske medisinpri­sar.
FOTO: GORM KALLESTAD, NTB SCANPIX MEDISINENS PRIS: Det kan bli slutt på hemmelegha­ldet om norske medisinpri­sar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway