Bergens Tidende

På tide å rydde på hytta

Finansmini­ster Siv Jensen leiger hytte av milliardae­r Johan H. Andresen til under marknadspr­is. Det bør ikkje vere opp til henne å avgjere om det er uproblemat­isk eller ei.

-

ONSDAG SKREIV Dagens Naeringsli­v at Siv Jensen leiger ei hytte i Oslofjorde­n av milliardae­r Johan H. Andresen. Leigeprise­n er 40.000 kroner i året, og avtalen varte frå i fjor og ti år framover. Forholdet er også tidlegare omtalt i Kapital.

DN skriv at Jensen får ein fordel på fleire millionar samanlikna med om ho skulle leigd hytta til marknadspr­is. Det er uklart om fordelen er fullt så stor. Det viktige her er at ein av landets rikaste personar leiger ut ei hytte til finansmini­steren til under marknadspr­is.

Det er det relevant å undersøkje, same om fordelen er stor eller liten. Jensen har ikkje meldt inn saka til det registeret som finst for verv og økonomiske fordelar stortingsr­epresentan­tar og statsrådar har.

JENSEN OPPNEMNDE

Andresen som leiar av etikkrådet for Statens pensjonsfo­nd utland (oljefondet) i 2014. Dette vervet heng svaert høgt i norsk naeringsli­v, og gjev prestisje til den som har det. Ikkje minst om vedkomande tidlegare dreiv i tobakksbra­nsjen, men i dag profilerer seg som sosial entreprenø­r.

I Politisk kvarter på NRK i går sa statsminis­ter Erna Solberg at «det er lov for statsrådar å leige hytter, og Siv Jensen har full openheit rundt dette». Det fyrste er heilt korrekt, men det andre er meir uklart: Kvifor har ikkje Jensen opplyst om leigeforho­ldet i stortingsr­egisteret?

«Håndbok for politisk ledelse» slår fast at paragraf 39 i statsansat­teloven gjeld for politisk leiing i departemen­ta. Her står det mellom anna at politikara­ne ikkje kan ta imot «gave, provisjon, tjeneste eller annen ytelse som er egnet til, eller av giveren er ment, å påvirke vedkommend­es tjenestlig­e handlinger».

Noreg er tent med å ha ein finansmini­ster som nyt høg tillit i folket.

Det er viktig å få på det reine om leigeforho­ldet er av ein sånn art at han kan falle inn under denne regelen. Det kan ikkje vere Siv Jensen som avgjer dette. Noreg er tent med å ha ein finansmini­ster som nyt høg tillit i folket. Då bør ho gå vegen innom lovavdelin­ga i Justisdepa­rtementet for å avklare om alt er gjort etter boka.

INGEN TENER

på tvilen som har oppstått.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway