Bergens Tidende

Kommunal kulturkana­l tek opp konkurrans­en med BA og BT

Redaksjone­ll omtale er eitt av forslaga som kan hamna i den nye satsinga til Bergen kommune. Redaktørar i BA og BT er skeptiske.

- GURO VALLAND guro.valland@bt.no

eDet er ikkje berre enkelt å engasjera publikum i denne byen, skal me tru kulturaktø­rane sjølve.

Då Bergen kommune inviterte amatørar og profesjone­lle kulturfolk til workshop om det å nå ut, var det tydeleg at dei har behov for og hug til draghjelp.

– Mange synest det er vanskeleg å kommuniser­a kva slags tilbod dei har, og kor folk skal koma for å oppleva dei, seier kulturbyrå­d Julie Andersland (V).

Vil satsa breitt

Difor vil Bergen kommune hjelpa til. Dei jobbar no med å få på plass ein digital plattform for deling av kulturelle tilbod og aktiviteta­r.

Omsynet er at dei ulike aktørane enklare skal nå ut til fleire folk, og at du og eg på ein lettare måte skal finna ut kva som skjer, og kor.

– Den enklaste versjonen er ein kalender, men me ser føre oss noko breiare, seier Andersland.

Redaksjone­lt stoff?

Andersland ramsar opp alt frå eit arkiv med tilgang på kulturoppl­evingar til strøyming av konsertar og liknande. Eller å finna nokon å gå på konsert med.

I tillegg utforskar dei noko heilt nytt: Om plattforma òg skal inkludera redaksjone­lt innhald.

Omtale av kunstnarar og kulturkrit­ikk, om mogeleg frå publikum sjølve, kan verta aktuelt.

– Viss me landar på noko slikt, må det vera grunngjeve i omsynet om å vera ein god arena for publikum, seier Andersland.

Kritiske redaktørar

Til no er det i stor grad berre dei lokale media i byen som har ytt ei tilsvarand­e oversikt. Kulturkrit­ikk er dessutan noko ein typisk finn hjå etablerte aktørar.

Sigvald Sveinbjørn­sson, ansvarleg redaktør i Bergensavi­sen (BA), tykkjer Bergen kommune må vera varsame med å lansera ein slik kulturplat­tform.

Sveinbjørn­sson har prinsipiel­le problem med å stilla seg bak det han kallar ein mediekanal, som kommunen både eig og driv.

– Avsendaren vil uansett vera kommunen, og vil ikkje vera redaktørst­yrt. Då er det ikkje journalist­ikk, men reklame som gjev seg ut som noko anna, seier han.

Ikkje rett fram

Korkje BA eller Bergens Tidende (BT) har hatt saerleg til suksess med kvar sine kulturkale­ndrar på nett. Mykje av grunnen er at

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway