Bergens Tidende

Systemet er ikkje berekrafti­g

- ROALD KVAMME

Gruppelede­r for Arbeiderpa­rtiet i fylkesting­et skal både redusera trafikkvek­sten for å betra miljøet, og auka trafikkvek­sten for å finansiera store nye vegprosjek­t.

I den vedtekne nasjonale transportp­lanen (NTP) for dei neste 12 åra er bidraget til store vegprosjek­t finansiert med bompengar med netto 131 milliardar kroner. Men for vegprosjek­t som er under bygging, vedteke på Stortinget og planlagt av regjeringa, er bompengean­delen på 280 milliardar, ifølgje bladet Motor. Altså meir enn det dobbelte av det som er omtala i NTP.

Årsaka til skilnaden er at regjeringa ikkje har gjort eit samla oversyn over eksisteran­de og nye bomprosjek­t.

I HORDALAND ER DET bompengein­nkrevjing i 11 prosjekt (tal frå bompengese­lskapet Ferde). I naer framtid kjem det i tillegg tre nye prosjekt pluss ny Bypakke Bergen, og det er under planleggin­g minst sju nye prosjekt i NTP-perioden fram mot 2029.

Dei fleste pendlarane til og frå Bergen må gjennom to kanskje tre innkrevjin­gspunkt, og det er ingen samordning av desse pakkane, ein må betala i alle. Mange vil få daglege kostnader på 100–150 kroner. DEN SAMLA INNBETALIN­GA av bompengar skal auka kraftig i åra som kjem. Om kort tid vil bomselskap­et Ferde ha lån på rundt 50 milliardar kroner, og summen vil auka i takt med nye utbyggings­prosjekt. Fylkeskomm­unane må gje lånegarant­i for bompengelå­na. Med ein varsla renteauke, aukande kostnadsve­kst på nye vegprosjek­t og nedgang i trafikkgru­nnlaget vil det vera uråd å gje slike garantians­var i framtida.

Det er ingen tvil om at regjeringa og stortingsf­leirtalet sine tiltak for å strupa biltrafikk­en i og omkring dei store byane kjem til å få enda større effekt i åra som kjem. Med nye soner for kollektivr­eiser, der ein betalar 37 kroner frå alle kommunesen­tera og fleirtalet av kommunane rundt Bergen (enda lågare med rabattkort), vil langt fleire reisa kollektivt i åra som kjem.

DET ER PÅ høg tid å sjå naerare på dei langsiktig­e konsekvens­ane dette vil få for framtidig bompengefi­nansiering­a av nye vegprosjek­t. Slik utviklinga er no, er ikkje ordningane berekrafti­ge verken for miljøet eller for finansieri­nga av planlagde prosjekt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway