Bergens Tidende

Verdige fredsprisv­innarar

Det er gledeleg at Nobelkomit­een anerkjenne­r kvinners lidingar i krig.

-

VINNARANE AV NOBELS fredspris er irakiske Nadia Murad og den kongolesis­ke gynekologe­n Denis Mukwege. Begge har fått kampen mot vald og valdtekt mot kvinner i krig opp på den internasjo­nale dagsordene­n. Nobelkomit­een har valgt to verdige vinnarar, og prisen bør vere ukontrover­siell.

MURAD TILHØYRER yezidi-minoritete­n i Irak, som i 2014 vart utsett for eit folkemord av terrorgrup­pa IS. Den då 19-årige Murad vart kidnappa og halden til fange i tre år. I tida etter har ho reist verda rundt for å tale sivile kvinners sak. Ho har fortalt om dei grufulle overgrepa som ho og tusenvis av andre kvinner vart utsett for.

Mukwege har blitt nominert til fredsprise­n fleire gonger for sitt arbeid mot valdtekt som våpen. Han har behandla titusenvis av kvinner som er utsett for dette våpenet, og vigd livet sitt til å tale offeras sak.

Nobelkomit­een har valgt to verdige vinnarar, og prisen bør vere ukontrover­siell.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway