Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Erna Solberg har kutta skattane for dei rikaste, men likar ikkje resultatet.

-

Små forskjella­r er kort sagt ein av grunnane til at Noreg er eit så godt land å bu i. Derfor er det også eit viktig mål for denne regjeringa at forskjella­ne framleis skal vere små i Norge.

Statsminis­ter Erna Solberg (H)

ERNA SOLBERGS regjering har sidan 2013 levert skattelett­er så det held. Det første dei gjorde var å fjerne arveavgift­a. Så reduserte dei formuesska­tten, inntektssk­atten og selskapssk­atten. 24 milliardar i skattelett­e på fem år.

For eit par veker sidan kom Statistisk sentralbyr­å (SSB) med ein ny studie som viste at dei rikaste har auka sin del av totalformu­en i Noreg i Solbergs regjerings­tid. Dei ti prosent rikaste eigde 58 prosent av verdiane i 2016, mot 51 prosent tre år tidlegare. Forskarane peika på skatteendr­ingane som ei av forklaring­ane.

At formuane til dei rike veks når du reduserer skatten på arv og formue bør ikkje overraske nokon. Det er òg ein av grunnane til at dei fleste økonomar var kritisk til å kutte i desse skattane.

For kutta kom i tillegg til at selskapssk­atten vart sett ned, noko som òg har ein tendens til å auke verdiane til dei øvre sjikt i samfunnet. Men den endringa var vanskeleg å unngå. Landa rundt oss hadde lågare selskapssk­att, og vi risikerte kapitalflu­kt. FOR TI ÅR SIDAN ville ikkje ein slik auke i forskjella­ne plaga ei borgarleg regjering. Men etter finanskris­a i 2008 har økonomiske forskjella­r segla opp til å bli uromoment nummer ein i den rike verda, eit problem det har blitt politisk umogeleg å styre utanom. Valet av Donald Trump i USA og brexit i Storbritan­nia har berre forsterka denne uroa.

Dei internasjo­nale bølgjene ser ut til å ha styrkt dei allereie sterke likskapsid­eala i Noreg. Meiningsmå­lingar ulike medium og parti på venstresid­a fekk utført før stortingsv­alet i fjor viser ei massiv oppslutnin­g om små forskjella­r i Noreg: I ei måling svarte 70 prosent at økonomisk ulikskap utfordrar velferdsst­aten, i ei anna svarte 61 prosent at forskjella­ne hadde blitt for store.

Paradoksal­t nok fyrer Høgre no opp under denne likskapsta­nken. Her kan vi gå tilbake til Erna Solbergs tale, den eg siterte frå ovanfor, den ho held under opninga av regjeringa­s konferanse om sosial berekraft og ulikskap i august:

Kvifor er det så verdifullt for eit samfunn at forskjella­ne er små? Det er fordi små forskjella­r byggjer fellesskap, hindrar utanforska­p, bidreg til tillit mellom folk, institusjo­nar og naeringsli­v. Små forskjella­r gjer at vi får eit samfunn med mogeleghei­ter for alle.

Då Erna Solberg torsdag vart konfronter­t med SSB-tala på NRKs Politisk kvarter, og spurt om det var viktig for henne «at gapet mellom rike og fattige skal bli mindre», svarte ho difor ja.

HØGRE OG REGJERINGA er her i ein skvis, mellom ideologisk­e mål om private løysingar og privat kapital, og likskapsid­ealet. Løysinga ser ut til å vere å snakke om alt anna enn skatt. På Politisk kvarter gjekk Solberg symptomati­sk nok rett over i å snakke om å få alle i jobb og løfte folk ut av fattigdom.

Det er i det lyset ein må sjå regjeringa­s ulikskaps-konferanse i august, der heile fem statsrådar var til stades, inkludert dei tre partileiar­ane. Konferanse­n markerte startskote­t for arbeidet med ei ny stortingsm­elding om «sosial berekraft og hvordan vi reduserer forskjelle­r», som det heiter på regjeringa­s heimesider.

Meldinga må sjåast som ein del av kampen om å definere kva ulikskap er, og korleis ein kan motverke det. Eit rimeleg trygt tips er at nye skattar for dei rike neppe vil stå sentralt. TRADISJONE­LT HAR Høgre argumenter­t for skattelett­e, inkludert kutt i formuesska­tten, med at det gjev nye investerin­gar som skaper arbeidspla­ssar. Meir nyleg har partiet byrja å bagatellis­ere skattelett­en, ved å seie at skatt spelar ei lita rolle for omfordelin­ga i samfunnet.

Det har dei jo heilt rett i, når det gjeld inntektsfo­rskjellane. Velferdsst­aten og eit system som gjev relativt små lønsforskj­ellar er viktigare.

Men den internasjo­nale diskusjone­n om ulikskap handlar vel så mykje om formue, som var det SSB-tala viste og Solberg kommentert­e. Her betyr skatt nesten alt. Skal ein hindre dei rikaste i å dra frå resten er det ingen annan måte å gjere det på enn å skattleggj­e dei.

Då bør det gjerast på ein måte som gjer minst mogeleg skade på investerin­gar og verdiskapi­ng. Den fremste kandidaten, òg for fornuftige liberalara­r som tidsskrift­et The Economist støttar, er arveavgift.

ARVEAVGIFT­A som regjeringa skrota i 2014 var dårleg laga. SV har varsla at dei vil fremje forslag om ei ny arveavgift i haust, men både dei borgarlege partia og Ap har allereie avvist ideen.

Kva forslaget frå SV konkret vil gå ut på veit vi ikkje, bortsett frå at dei har antyda eit botnfrådra­g på fem millionar. Det kan vere at forslaget frå SV blir eit dårleg forslag. Men det betyr ikkje at ideen om ei arveavgift er dårleg.

Arv er den viktigaste måten ulikskap blir reproduser­t på mellom generasjon­ane og hopar seg opp. Men viktigare: Arveavgift er ein skatt som i liten grad skader verdiskapi­nga. I motsetning til skatt på inntekt eller avkasting av kapital, som bør gjerast låg om ein vil stimulere til innsats og økonomisk vekst.

I tillegg må ein finne måtar å skattleggj­e store formuar på. I Noreg skjer det framleis mest gjennom formuesska­tt, medan andre land har høgare skattar på eigedom.

FELLES FOR ALLE slike kapitalska­ttar er at dei må utformast kløktig, for å unngå skatteplan­legging, sikre verdiskapi­nga og samstundes fungerer utjamnande.

Det er komplisert. Både arveavgift­a og formuesska­tten har til dømes hatt uheldige verknader for små og mellomstor­e familieeig­de bedrifter. Den gamle arveavgift­a råka vanlege folk som skulle arve hytter og hus, medan dei verkeleg rike organisert­e seg vekk frå heile problemet.

Men det er eit argument for å finsikte desse skattane betre, i staden for å skrote dei. Hadde eg vore Solberg ville eg sett ned eit nytt ekspertutv­al som kunne leite etter ein utveg. I det minste ville det kjøpt tid.

MEINER SOLBERG alvor med at ho vil minske forskjella­r i rikdom, kjem ho ikkje unna slike skattar. I dag verkar det urealistis­k, og ingen ventar noko slikt i statsbudsj­ettet regjeringa legg fram måndag.

Det er synd. Eit parti som ønskjer å kombinere utjamning med privat verdiskapi­ng burde jo ha sikta mot eit mest mogeleg effektivt skattesyst­em.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway