Bergens Tidende

– No kan vi få bort folk som juksar med resultata

-

eigentleg utøvaren frå Kviterussl­and eller Ukraina så høgt som resultatli­sta i stemnet på heimebane tilsa? Var løparen frå Kenya, Etiopia eller Marokko så rask som dei skulle ha det til, arrangøran­e i utøvarens eige heimland? Landa som er nemnt, er trekt fram fordi dei er på Det internasjo­nale friidretts­forbundets såkalla «watch list».

– Det som er så bra er at vi no kan få bort folk som juksar med resultata, seier Eirik Dolve, stavhoppar frå Bergen.

Han forklarar kva han meiner:

– Sei at kravet i stavsprang er 5,7 meter. I eit shady land så set dei gjerne lista på 5,55 eller 5,60 meter, men skriv 5,70 på resultatta­vla. Eg veit at slikt har skjedd. Det fører til at folk som ikkje er gode nok kjem til OL.

– Har du dekning for å hevda at dette skjer?

– Eg har hoppa ganske mykje rundt omkring i Europa dei tre siste åra. Vi utøvarar snakkar saman, og du forstår på haldningan­e til folk og det dei seier at det skjer mykje som ikkje burde skje, seier Dolve.

Toppidrett­ssjef Slokvik seier han også har høyrt om juks.

– Det vert vanskeleg å få fem teljande resultat frå sitt eige land. Vi har hatt ein del one hit wonders som av ein eller annan grunn har prestert godt i berre ein konkurrans­e. Men dei vert det vanskelega­re for no.

Bra for Norge

Dolve trur det nye systemet vil gjera det lettare for han å koma til sitt første VM eller OL. Diskoskast­ar Sven Martin Skagestad kallar det «interessan­t».

– Det har vore eit problem at vi har hatt enkelte kastarar som ikkje har vore gode, men som har fått eitt godt resultat i et vindstemne, seier Skagestad. Både Dolve og Skagestad lyftar fram at det vert viktig å koma seg inn i dei riktige konkurrans­ane, i og med at dei vert vekta ulikt i rankingsys­temet.

– Behovet for ein manager som kan få deg inn vert enda større. Dei som konkurrere­r jamleg i Diamond League vil ha ein stor fordel, meiner Dolve.

Det at ein må prestera i fleire stemne gjennom sesongen, i staden for å oppnå eitt godt resultat, trur Slokvik vil vera bra for norske utøvarar.

– Vi har mange utøvarar som presterer jamt. Slik eg har skjønt det nye systemet er det positivt for oss.

 ?? FOTO: FREDRIK HAGEN, NTB SCANPIX ?? VIL TIL MEISTERSKA­P: – Eg har aldri delteke i OL eller VM. Det hadde vore utruleg kult å ta det steget, seier Eirik Dolve.
FOTO: FREDRIK HAGEN, NTB SCANPIX VIL TIL MEISTERSKA­P: – Eg har aldri delteke i OL eller VM. Det hadde vore utruleg kult å ta det steget, seier Eirik Dolve.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway