Bergens Tidende

Skuffande BT-leiar

-

med kommunar som allereie er i prosjektet, høve til å slutta seg til forsøket.

BT har openbert bestemt seg for å vere prinsipiel­t i mot prosjektet, og hoppar elegant over den følgjeeval­uering som Agenda Kaupang og Proba Samfunnsan­alyse gjer i prosjektet. Hittil har resultata vore opplyftand­e. Kommunane har fått profesjona­lisert sitt arbeid med tildeling av omsorgsten­ester, brukarane vert handsama likt, kompetanse­n er auka og brukarmedv­erknaden er styrkja.

SOM ORDFØRAR i ein av forsøkskom­munane kan eg skrive under på dette. I tillegg har prosjektet vore positivt økonomisk for Os kommune, og dermed innbyggjar­ane våre som treng omsorgsten­ester. Det er direkte svakt av BT å ikkje vektleggja desse erfaringan­e og den faglege evaluering­a. Heile hensikta med eit forsøkspro­sjekt er å testa ut om nye modellar kan betra tilbodet til innbyggjar­ane, og då er følgjeeval­uering viktig. I fleire tiår har vi diskutert eldreomsor­ga. Gang på gang har vi sett at forskjella­ne er store mellom kommunane, og at kommuneøko­nomien i den enkelte kommune avgjer om du som innbyggjar får dei omsorgsten­estene du har krav på eller ikkje. Det er uverdig.

FRP OG REGJERINGA­S ambisjon med forsøket er å testa ut om statleg finansieri­ng av omsorgsten­estene kan redusera forskjella­ne kommunane imellom, og betra kvaliteten på eldreomsor­ga. Det er ikkje slik BT hevdar at kommunane er sette under administra­sjon. Dei har framleis ansvar for å utvikle og levere gode omsorgsten­ester – det er berre finansieri­ngsansvare­t som er flytta til staten. Basert på dei førebelse erfaringan­e er min spådom er at fleire kommunar no vil søkja om å bli med i prosjektet.

BT hevdar og at vi ikkje treng ein eldreminis­ter. Jo, det treng vi absolutt. Allereie no ser vi resultatet av at eldrepolit­ikk blir sett på den rikspoliti­ske dagsorden. Kvalitetsr­eforma «Leve hele livet» vil no bli rulla ut i alle kommunar, og Frp har også fått gjennomsla­g for eit eige nasjonalt eldreombod.

Vi må jobbe målretta for eit meir aldersvenl­eg samfunn, og då må vi også vere villige til å testa ut nye modellar som kan betra helse- og omsorgsten­estene. Det er skuffande at BT ikkje ser dette.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway