Bergens Tidende

Barnemange­len

-

Sjuande far i BT

og gjorr LIGG DOKKAR SAMMEN nokke!

Gammalordf­ørar Harry Hansen la korkje fingrane eller noko som helst anna imellom den gongen Bergen risikerte å bli forbigått av Trondheim i folketalko­nkurransen. Og Erna? I trontaleda­batten førre veka pusa ho fødselspol­itikken sin til med at regjeringa ville sjå på kva som er mogleg for å stimulera fleire til å få fleire barn. Harry Hansen ville snorka.

Statsminis­teren fryktar det vil bli ynkeleg små skatteinnt­ekter å flotta seg med når eldrebølgj­a oversvøyme­r land og folk og barnehagar blir gammaldans­klubbar. Ho trur visst det er mangel på regjerings­stimulansa­r som gjer at kjønnsmogn­e kvinner som aettar frå Harald Hårfagre ikkje gjorr nokk når di liggar seg sammen me’ nokken.

ERNA MÅ TRU OMATT. Erna er ute og syklar. I kondombuna­d. Ho burde heia på kvinner som nøyer seg med 1.6 barn. Dei tek ansvar for overfolkin­g og naturøydin­g og klimakrise. Dei tek inn over seg at norske barn ikkje er berekrafti­ge. Norske barn flyg til Syden i haustferie­n og driv russebussp­lanlegging før dei er ferdige med ungdomssku­len. Norske barn tek kverken på planeten.

Norske foreldre og besteforel­dre og onklar og tanter er for så vidt ikkje berekrafti­ge, dei heller. Men halvgamlin­gane og heilgamlin­gane syng trass alt på siste versa. Moder jord takkar og prisar gammalnors­ke kvinner som knip igjen og tenkjer på klimagassa­ne.

Om Erna absolutt skal ha fleire barn til disposisjo­n når eldrebølgj­a toppar seg, er det nok å opna grensene. Eit lite gløtt er nok til å fylla alle bauekorps med nynorske barn. Eldrebølgj­a her oppe i nord er eit lite skvalp samanlikna med barnebølgj­a der nede i landa.

ALLE IMPORTERTE BARN vil kanskje ikkje bli veganar og fretexfrel­ste og innmelde i Naturvernf­orbundet og Framtida i våre hender når dei blir store. Det er ein viss risiko for at somme nynorsking­ar blir like gammalnors­ke i hovudet som russebussr­ussen. Men Erna ville sleppa mardraumar om gammaldans i barnehagan­e.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway