Bergens Tidende

Slutt på solskinet

Noreg må redusere klimagassu­tsleppa i eit heilt anna tempo enn det regjeringa har lagt opp til i neste års statsbudsj­ett.

-

IDAG SKIN SOLA igjen over heile landet», sa finansmini­ster Siv Jensen (Frp) då ho i går presentert­e regjeringa­s framlegg til statsbudsj­ett for 2019 i Stortinget. At heile landet slett ikkje har det same fine vêret som hovudstade­n, er mindre viktig enn langtidsme­ldinga: Ekstremvêr­et er i vente.

For same dag som regjeringa la fram sitt statsbudsj­ett, kom FNs klimapanel med sin nye rapport. Dei slår fast at vi allereie i 2030 kan bryte målet om at den globale oppvarming­a skal stanse på 1,5 gradar. «Å unngå globalt klimakaos vil kreve en endring av samfunnet og verdensøko­nomien i en skala aldri tidligere sett», skriv klimaforsk­arane i sin rapport.

SKAL VI UNNGÅ ein fundamenta­lt annan planet å bu på, må klimagassu­tsleppa vere halvert innan 2030, meiner verdas leiande klimaforsk­arar.

Regjeringa­s framlegg til statsbudsj­ett inneheld mange gode enkeltpost­ar. Regjeringa aukar støtta til Enova, som stør opp om klimavenle­ge tiltak landet rundt. Det er løyvd pengar til Ringeriksb­anen og ei rekkje andre kollektivs­atsingar, sjølv om vegutbyggi­ngane aukar meir. Det skjer òg mykje bra på bistandsbu­dsjettet.

MEN OMLEGGINGA AV flypassasj­eravgifta gjer det billegare med ein svipptur ut i Europa. Og det er vel og bra med sju millionar til grøn skipsfart, men summen er så låg at det er uklart kva effekt dette vil gje. Vi er ikkje kvitt palmeoljen og det blir billegare å bruke straum gjennom lågare elavgift.

Det viktige er likevel dette: Regjeringa­s framskrivi­ng av norske klimagassu­tslepp står i nasjonalbu­dsjettet. Her kan ein lese at regjeringa trur utsleppa vil vere 45,3 millionar tonn CO2-ekvivalent­ar i 2030, mot 52,4 millionar tonn i fjor. Eit grovt overslag tilseier at talet er redusert med nesten 40 prosent i 2050. Dette er langt frå nok. SKAL VERDA – og Vestlandet – vere ein leveleg plass i framtida, må det grøne skiftet skje i eit heilt anna tempo. Arbeidspla­ssar i fossile naeringar må bli erstatta med jobbar som bidreg til det klimanøytr­ale samfunnet. Vestlandet sit på både menneska og kompetanse­n, men treng hjelp frå staten.

Skal verda – og Vestlandet – vere ein leveleg plass i framtida, må det grøne skiftet skje i eit heilt anna tempo.

Regjeringa kunne ikkje kjenne innhaldet i den dramatiske klimarappo­rten då dei skreiv 2019-budsjettet. Men no veit Stortinget. Og no må dei handle.

ELLES ER DET globalt uvêr i vente.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway