Bergens Tidende

Morten Myksvoll

Regjeringa prøver å lokke KrF med flyktningp­olitikken. Frp kan reagere med å skape endå meir avstand.

-

DET EIN FØRST får oversikt over når regjeringa legg fram statsbudsj­ettet, er det politiske spinnet. «Statsbudsj­ettet er godt tilpassa den økonomiske situasjone­n.» Det er linja som kjem frå regjerings­partia. Det store spørsmålet denne hausten er likevel om budsjettet er tilpassa den politiske situasjone­n.

Det handlar sjølvsagt om KrFs retningsva­l.

KrF skal velje mellom Erna Solberg (H) og Jonas Gahr Støre (Ap) denne hausten, før KrF startar forhandlin­ga om neste års statsbudsj­ett. Dette framlegget kan difor vere utslagsgje­vande for KrFs retningsva­l.

FOR MINDRE ENN TO VEKER sidan tala Knut Arild Hareide til KrFs landsstyre, der han vende ryggen til statsminis­ter Erna Solberg (H). Han vil helst samarbeide med Støre. Då var budsjettfr­amlegget spikra. Solberg skulle nok ha ønskt at statsrådan­e hennar kunne flikke litt på tala, slik at det såg meir forlokkand­e ut for KrF.

Dei har enda opp med å måtte sminke blekka, og det har ikkje mangla på KrFlokkema­t i tida opp mot framleggin­ga.

Regjeringa sparte noko til budsjettda­gen òg: Regjeringa vil auke talet på kvoteflykt­ningar med ca. 800 til 3000.

– Kommunane har god kapasitet og asylankoms­tane er såpass få, sa Frp-leiar og finansmini­ster Siv Jensen då ho presentert­e budsjettet.

JENSENS TALE VART IKKJE tatt like godt imot i den andre delen av det borgarlege samarbeide­t, altså hennar eige parti. Christian Tybring-Gjedde (Frp) sa til ABC Nyheter at det viser at Venstre har fått gjennomsla­g. Det meiner han ikkje på ein god måte, for å seie det slik.

Til BT seier Tybring-Gjedde at regjeringa må halde seg til Jeløy-avtalen, som han meiner slår fast at det maksimalt kan kome 2120 kvoteflykt­ningar neste år.

Raja får kanskje ønsket sitt oppfylt. Det er nemleg gode sjansar for at KrF vil krevje eit høgare tal enn 3000. FNs oppmoding er på 5000, og KrFU har bedt om det same.

KrFs landsstyre trekte nyleg fram talet på kvoteflykt­ningar som ein av dei viktigaste sakene i haust.

SAMTIDIG ER IKKJE den auken som regjeringa legg opp til så stor som den høyres ut.

I 2016 og 2017 overtok Noreg 750 flyktninga­r frå Hellas, gjennom EUs relokalise­ringsprogr­am. Den ordninga er no slutt, og EU har ikkje klart å bli einige om ein ny avtale.

Ser ein relokalise­ringa saman med talet på kvoteflykt­ningar, kjem det knapt fleire flyktninga­r til Noreg neste år. Det aukar sjansen for at KrF vil krevje eit høgare tal i budsjettfo­rhandlinga­ne.

Då vert Frp-reaksjonan­e hardare enn den Tybring-Gjedde kom med måndag.

FRPS INNVANDRIN­GSPOLITISK­E talsmann, Jon Helgheim, gir oss ein forsmak. Han seier at me «sannsynleg­vis hadde hatt svenske tilstandar i Norge og null kontroll på ankomstene» dersom Frp ikkje hadde vore i regjering. Det er hard kost.

Kven treng ein opposisjon når Frp så tydeleg skuldar sine eigne samarbeids­partar for å kunne påføre Noreg eit samanbrot av kontroll?

DET ER DENNE SPAGATEN KrF må ta omsyn til. Regjeringa strekk ut ei hand til KrF, medan Frp går i motsett retning. Det er rett og slett ikkje alle i Frp som vil ha KrF i regjering.

Då kan KrF-arar som vil samarbeide med høgresida spørje seg kor langsiktig det prosjektet er.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway