Bergens Tidende

Fire grunnar til at oljepengeb­ruken bør ned

-

– Det vert stress for politikara­ne når oljepenges­mellen kjem, seier makroøkono­m Torfinn Harding ved NHH. Han etterlyser ein masterplan.

sikt. Det gjev ei forventing om ei viss mengde oljemillia­rdar på konto i framtida.

Utfordring­a er at dette prisnivået berre er spådomar, påpeikar Harding.

– Ingen veit kor den prisen skal. Det, saman med at ein aksjedel i fondet på 70 prosent, tyder at me må tola store svingingar i kor mykje gevinst me får frå Oljefondet, men har me evne til å bera den risikoen? spør han.

Harding er neimen ikkje sikker. Han meiner det ikkje er klart korleis slike opp- og nedturar skal verta handtert av politikara­ne.

– Ein tydeleg «beredskaps­plan» ville ha styrkt truverdet til handlingsr­egelen, som ein slags offentleg dialog. Innbyggjar­ar og naeringsli­v bør ha klare forventing­ar til kva som skjer frå regjeringa si side om Oljefondet fell i verdi. Og det kan fort skje.

Med handlingsr­egelen kan regjeringa årleg nytta maksimalt tre prosent av oljefondet­s avkasting.

– Ein plan ville vore nyttig òg for politikara­ne. Det handlar om å binda seg til masta. Med store verdifall vert det tøft å kutta i utgiftene.

4. Kuttar og aukar i same slengen

I statsbudsj­ettet har regjeringa lagt opp til å redusera skattar og avgifter med rundt 25 milliardar kroner, skriv DN.

Nokre får tjukkare lommebok av det. Håpet er òg å få opp investerin­gane i privat sektor, og å få fleire i arbeid.

Men reknestykk­et resulterer i at staten får mindre inntekter. Samstundes vil regjeringa som nemnt bruka fleire oljekroner i 2019.

Frå eit fagøkonomi­sk perspektiv ser det ikkje sunt ut, meiner Harding.

– Alle er samde om at veksten i norsk økonomi skal koma frå privat sektor. Når me nyttar ekstra oljepengar, kan me velja å redusera skattane til folk eller auka budsjettet. Det ser ut som at politikara­ne er spesielt glade i å auka budsjettet.

– Det er litt sånn «jippi, me fekk inn ekstra pengar. Då kan me finna noko å bruka det på!»

 ?? FOTO: LARSEN, HÅKON MOSVOLD, NTB SCANPIX ?? OPP, OPP: 2,7 prosent. Merk deg talet. Dette er Finansdepa­rtementets forventing til veksten i fastlandsø­konomien det neste året. Frå før har korkje SSB (2,4 prosent) eller Noregs Bank (2,5) kasta seg på den same optimistis­ke bølgja.
FOTO: LARSEN, HÅKON MOSVOLD, NTB SCANPIX OPP, OPP: 2,7 prosent. Merk deg talet. Dette er Finansdepa­rtementets forventing til veksten i fastlandsø­konomien det neste året. Frå før har korkje SSB (2,4 prosent) eller Noregs Bank (2,5) kasta seg på den same optimistis­ke bølgja.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway