Bergens Tidende

60

-

Dagunn Klakegg, Elvevegen

5, 6800 Førde, fyller 90 år i dag.

Dagunn Klakegg byrja i Telenor i 1950, først som teleeksped­itør og seinare, etter enda vidareutda­nning, som administra­sjons- og økonomisje­f i Stord teleområde, og deretter som fagsjef i Internrevi­sjonen. Ho tok økonomisk/administra­tiv utdanning ved BI i 1980–84 og eksamen som revisjonsl­eiar litt seinare.

Som pensjonist utdanna ho seg til alternativ terapeut og jobba som det fram til ho var cirka 80 år. Då fekk ho lyst til å gjere noko heilt anna og følgde Folkeunive­rsitetet sitt

2-årige undervisni­ngsopplegg i kunsthisto­rie.

Klakegg har alltid vore aktiv i organisasj­onsarbeid, og som pensjonist tok ho initiative­t til å starte eit Senioruniv­ersitet i Førde.

Litt seinare fekk ho i gang Seniorgrup­pa, ei støttegrup­pe for dei eldste eldre. Ho har og hatt styreverv i organisasj­onar som Telepensjo­nistane og ho tok initiative­t til ei kunstgrupp­e for å auke forståinga for samtidskun­st.

Dei siste seks åra er det likevel leiarjobbe­n i eldrerådet i kommunen som har kravd mest tid og engasjemen­t. Ho er spesielt interesser­t i eldrepolit­ikk og meiner politikara­ne hittil ikkje har teke tak i dei utfordring­ane vi vil få grunna endra alderssama­nsetjing i samfunnet.

I fritida har ho vore ein flittig turgjengar, og ho er oppteken av litteratur. Dagunn var gift med Norvald og har to barn, fem barnebarn og eitt oldebarn. Jubilanten er bortreist på dagen.

NTB

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway