Bergens Tidende

Jens Kihl

Audun Lysbakken kan snuble seg fram til Kongens bord.

-

Ofår vi svaret: Får Knut Arild Hareide med seg KrF på å søkje makt til venstre? Det kan godt skje at fleirtalet følgjer hans råd. I så fall går SV frå å vere eit middels interessan­t fløyparti til å stå i midten av norsk politikk – delvis mot sin vilje. Her er det som kan skje:

Hareide har peika på ei regjering med Ap og Sp, men utan SV. Dette er nok delvis taktikk: Skal argumentet om at KrF ikkje vil samarbeide med fløypartia fungere mot Frp, kan han ikkje samstundes opne for SV.

Likevel er det ikkje tvil om at SV har eit godt omdøme hos venstresid­a i KrF: Og om denne fløya vinn fram, vil Støre 1-regjeringa måtte samarbeide med SV.

I AP ER DEI redde for å leggje venstrefla­nken open. Om SV kan gå til daglege åtak mot eit sentrumsor­ientert Ap, kan det bli svaert krevjande for Støre. Og med SV på innsida får Noreg ei fleirtalsr­egjering. Partisekre­taer Kjersti Stenseng har uttalt seg positivt.

Og jamvel om Ap gjorde eit dårleg val, blei dei likevel sju gongar større enn KrF. Noko må vel Støre få styre.

Men kva med SV sjølv, midt oppi alt dette? Dei faerraste i SV hadde nok sett for seg å sitje i regjering med KrF, sjølv om Audun Lysbakken har vore nøye med ikkje å utelukke det. I mange verdisaker står partia langt frå kvarandre, og dei har understrek­a (og kanskje overdrive) avstanden.

MEN SÅ ER DET

likevel politikken som gjer

KRAVA HADDE ein del fellestrek­k. Dei skulle vere konkrete. Dei skulle vere krevjande å få gjennomsla­g for – men det skulle ikkje vere umogleg: Dette var ikkje ei liste som skulle garantere opposisjon.

Krava hadde også det til felles at det var svaert lite sannsynleg at Ap ville vedta likelydand­e politikk på sitt landsmøte. Samstundes var dette populaere standpunkt ute i Ap – og ikkje minst i LO. Det dei faerraste hadde tenkt over, var nok at eit anna parti ville vedta politikk som låg tett opp til SVs liste.

Det partiet var KrF.

Fyrste krav frå SV var ei årleg opptrappin­g av barnetrygd­a og tiltak for å hjelpe fattige barnefamil­iar. Dei andre partia meiner stort sett at det er for dyrt og lite målretta å auke barnetrygd­a, men eitt parti er heilt einige: KrF.

Andre krav var nei til oljeboring ved Lofoten, Vesterålen, Senja, Møreblokke­ne, iskanten, polarfront­en og uopna område på norsk sokkel, og at Noreg må kutte CO2-utslepp heime. Alt dette er å finne i KrF-programmet, bortsett frå absolutt stans i alle uopna område.

TREDJE KRAV frå SV-landsmøtet var ei nasjonal laerarnorm på skulenivå: SV-arane ville ha maksimalt 15 elevar for kvar laerar i 1.–4. trinn, og toppen 20 elevar for kvar laerar i 5.–10. trinn. Og kven var det som fekk gjennomsla­g for dette kravet – ord for ord – i budsjettfo­rhandlinga­ne 2017? Du gjetta det nok.

Fjerde krav var forbod mot å ta ut profitt på velferdste­nester som barnehage, barnevern og asylmottak. Her er KrF mindre harde i klypa enn SV. KrF og SV gjekk i vinter saman om å ville kartleggje pengestrau­mar i offentleg finansiert velferd, som barnehage. Dei har derimot røysta ned eit Ap-framlegg om å kaste kommersiel­le aktørar ut av barneverns­drifta. Men partia har naerma seg kvarandre. SV er blitt meir opptekne av å stø dei ideelle, og KrF er blitt mindre opptekne av dei kommersiel­le.

FEMTE OG SISTE KRAV var at Noreg må stø eit internasjo­nalt forbod mot atomvåpen. KrF skriv i sitt program at Noreg må «arbeide langsiktig for eit forbod mot slike våpen». Dette vedtaket er mindre radikalt enn SVs og legg seg i større grad på Natolina.

Dermed kan KrF bli partiet som skaffar gjennomsla­g for dei fleste av dei punkta SV sa dei måtte vinne for å gå i regjering. Om Lysbakken då seier nei når Støre ringjer, vil han bli sett på som ein som ikkje står ved sitt ord. Det går ikkje.

endå eitt problem her. Sist det var krise i Ap var på tidleg 2000-tal. Partiet låg rundt 20 prosent. Den gongen stod SV fram som den klare vinnaren.

Sjølv om få i SV vil innrømme det, smertar det nok at SV no har seks-sju prosent. I SV er det blitt sagt at SV går opp når Ap går ned. Men no er SVs vekst mykje mindre enn Aps fall, og ein av grunnane heiter Raudt: Då SV noterte seg

22,7 prosent og var landets største parti i april 2003, låg Raudt-forløparen RV på

2,2 prosent. I september 2018 fekk SV 6,4 prosent på snittet av målingane. Raudt fekk 4,6.

SV KAN IKKJE lenger ta eit val om regjerings­makt utan å skjele til kva som vil skje med sin venstrefla­nke. Om Raudt passerer SV på målingane, vil det bli svaert dårleg motteke i Lysbakkens parti.

Vi veit framleis ikkje om KrF vil leggje ned veto mot SV eller berre tilrå Ap og Sp. Vi veit ikkje om fleirtalet på landsmøtet vil peike på Solberg eller Støre. Men politikk er ikkje alltid heilt føreseiele­g.

Plutseleg kan Lysbakken og Hareide stå på Slottsplas­sen saman med Vedum og Støre.

OG PLUTSELEG kan Lysbakken og Hareide stå på Slottsplas­sen saman med Vedum og Støre.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway