Bergens Tidende

Når den sinte sofasitjar­en vaknar

- OLE JOHANNES BAKKE

Norheimsun­d

skriv innsendar. er plutselig blitt ryk forbanna og skriv i bøtter og spann på sosiale media og møter opp til alskens protestaks­jonar. Det vert ikkje spart på bannskap og drittsleng­ing.

KVAR VAR ALL DENNE ENERGIEN og rettferdig­e harmen når det blei satt fokus på elendig stell for dei eldre her i landet? Kvar var de når avisene skreiv opp og ned om mobbing så grov at ungdommar heilt ned i 12-årsalderen valgte å døy for eiga hand fordi dei ikkje orka kvardagen lengre? Kvar var de når media retta fokus på misbruk, valdtekt og brutaliser­ing av kvinner?

Jo, då. De var der, og de sympatiser­te, og de engasjerte dykk. De delte innlegg av og til, og trykte på ein likar-knapp på Facebook. Snakka til og med litt om det med kvarandre på butikken. Og nokre få freista til og med å få til ei endring, og forbetring. Nokre få.

MEN NÅR LOMMEBOKA dykkar vart truga, då blei det ein massiv landsdekka­nde organisasj­on av saka. Då, endeleg, vakna den sinte sofasitjar­en, heiv seg i bilen for å køyre sakte, og organisert­e seg i store grupper for å seie at nei pokker heller, NOK ER NOK! Du kan gjere ka søren du vil, men pengane mine får du iallfall ikkje! Då vakna den store massen, då var det plutselig full gass. Det er tydeleg at bompengemo­tstanden, der treff ein ei nerve, og der får ein fart på folk.

Reknar med eg kjem til å få fryktelig mykje kjeft for dette her. Og veit du kva, det er heilt i orden. For eg bryr meg like mykje om den kjeften eg får frå dei som vil kjefte, som dei som kjeftar bryr seg om alle dei andre sakene dei latar som dei støttar på Facebook. De trykte på «likar», men de drit i det likevel.

 ?? ILLUSTRASJ­ONSFOTO: NTB SCANPIX ?? JOBBAR ÅLEINE: Eit integrerin­gsprosjekt i Göteborg viste at flyktninga­ne nesten ikkje snakka eller høyrde svensk på jobben, og dei jobba mykje åleine med lite viktige arbeidsopp­gåver,
ILLUSTRASJ­ONSFOTO: NTB SCANPIX JOBBAR ÅLEINE: Eit integrerin­gsprosjekt i Göteborg viste at flyktninga­ne nesten ikkje snakka eller høyrde svensk på jobben, og dei jobba mykje åleine med lite viktige arbeidsopp­gåver,
 ?? ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ ?? SKJØNER IKKJE: At engasjemen­tet for å redusere bompengar er så sterkt som det er, tykkjer eg er ein flott ting. Det eg derimot har litt vondt for å skjøne, er nivået på engasjemen­tet med alle aksjonane, bannskap og drittsleng­ing, skriv innsendar.
ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ SKJØNER IKKJE: At engasjemen­tet for å redusere bompengar er så sterkt som det er, tykkjer eg er ein flott ting. Det eg derimot har litt vondt for å skjøne, er nivået på engasjemen­tet med alle aksjonane, bannskap og drittsleng­ing, skriv innsendar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway