Bergens Tidende

Eit søtt utval

No skal det endeleg bli orden på sukkeravgi­fta, for i dag er det berre rot.

-

DET ER NØDVENDIG med ei avgift på sukker for å oppmode til eit betre kosthald. Dagens avgift er så full av hòl og rare reglar at det ikkje går an å løyse den ein sein kveld i budsjettfo­rhandlinga­ne. Men det er slik avgifta har blitt handtert av Solberg-regjeringa til no.

I fjor auka Høgre, Frp, Venstre og KrF sukkeravgi­fta med 83 prosent. No innrømmer regjeringa at fjorårets auke ikkje var god, og senkar avgifta igjen. Det skal regjeringa ha skryt for.

Men endringa for neste år er eigentleg underordna. Det viktigaste er at regjeringa no skal la eit utval vurdere heile avgifta, og ikkje berre endre på satsane ein sein forhandlin­gstime.

I SIN FINANSTALE MÅNDAG trakk finansmini­ster Siv Jensen (Frp) fram eitt av dei mest brukte døma på kor rart sukkeravgi­fta slår ut:

– Det kan vere vanskeleg å forstå kvifor det er avgift på ein marsipangr­is, men ikkje på ein marsipanru­ll. Ja, det er vanskeleg å forstå. Det er ikkje sukkeret som avgjer om ei vare skal ha sukkeravgi­ft eller ikkje. Sjølv sukkerfrie varer er det avgift på. I ein del tilfelle er det fornuftig. Sukkerfri brus er framleis usunn, og vert difor skattlagt på lik line med sukkerhald­ig brus.

Sukkeravgi­fta er lite føreseiele­g, og det bør utvalet ta tak i. Kjeks som inneheld mindre enn halvparten sjokolade er fritatt for sukkeravgi­ft. Dersom kjeksen har sjokoladet­rekk er det avgift uansett.

Kaker og is er fritekne. Det betyr at Snickers har sukkeravgi­ft, medan Snickers-is er avgiftsfri.

FORMÅLET MED SUKKERAVGI­FTA er delt mellom å gi staten inntekter og å oppmode til eit sunnare kosthald. Utforminga ber preg av dette todelte målet.

Fjorårets avgiftshop­p skulle bidra med 1,84 milliardar meir i inntekter til staten. Men avgifter påverkar òg grensehand­elen. Det er blitt meir og meir vanleg å bestille snop og drikkevare­r frå utlandet. Importen er til og med moms- og tollfri, så lenge ein kjøper for mindre enn 350 kroner om gongen.

Dette er eit fritak som regjeringa ikkje vil røre.

Kaker og is er fritekne. Det betyr at Snickers har sukkeravgi­ft, medan Snickers-is er avgiftsfri.

AVGIFTER ER DEN TYDELEGAST­E måten staten kan synleggjer­e forskjelle­n mellom sunne og usunne varer på. Sukkeravgi­fta sviktar på dette. Ei ny sukkeravgi­ft må betre balansere formåla om inntening for staten og eit sunt kosthald. Den må samtidig bli lettare å forstå enn dagens avgift.

Forhåpentl­egvis klarar regjeringa å ordne opp i det før avgifta fyller 100 år i 2022.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway