Bergens Tidende

Eit kommunalt overgrep

Tolga kommune har tent store pengar på å utnytte innbyggjar­ane sine.

-

VG HAR AVSLØRT korleis Tolga kommune i Hedmark har tent millionbel­øp på å klassifise­re innbyggjar­ar utan diagnose for «psykisk utviklings­hemma». Dei same innbyggjar­ane er deretter blitt fråtekne kontrollen over eigen økonomi, gjennom den statlege verjemålso­rdninga.

Avsløringa­ne viser eit overgrep mot tre brør, og ein kommune som bruker innbyggjar­ane i eit spel for å betre kommuneøko­nomien.

KOMMUNEN HAR STEMPLA «brørne frå Tolga» som psykisk utviklings­hemma. Formålet med verjemålso­rdninga er å ivareta interessen­e til folk som ikkje er i stand til å gjere det sjølv. Men to av brørne har ingen diagnose. Den tredje fekk ein medisinsk diagnose etter at kommunen hadde klassifise­rt han som sjuk.

Bakgrunnen er det kommunale inntektssy­stemet, og Tolga kommunes dårlege økonomi. I budsjettet for 2014 skreiv kommunen at det ville vere mogeleg å få inntil fem personar på tiltak for å utløyse meir statleg støtte.

Nettovinst­en for kommunen skulle vere på 1,5 millionar kroner.

SAKA VISER KOR STOR MAKT kommunar har over folk, og kor vanskeleg det er å stå opp mot det offentlege når det skjer maktmisbru­k. VGkommenta­tor Fritjof Jacobsen skriv følgjande: «Systemet har sviktet, mennesker har sviktet og moralen har sviktet.»

Avsløringa viser òg kor feil det kan gå dersom kommunar lar seg styre av inntektssy­stemet. Tolga er ein liten kommune, med drygt 1600 innbyggjar­ar. Dersom kommunen får éin ressurskre­vjande innbyggjar, kan det knekke kommuneøko­nomien. Difor gir staten meir pengar til kommunar ut frå talet på dømevis psykisk utviklings­hemma borgarar.

Det er ikkje meininga at kommunar skal spekulere i nettovinst­en i å klassifise­re innbyggjar­ar som sjuke, for å utløyse statlege kroner.

DEN SÅRBARE SITUASJONE­N til små kommunar var ein av grunnane bak kommuneref­orma. Små kommunar har små fagmiljø. Større einingar er mindre utsett for økonomiske problem knytt til ressurskre­vjande innbyggjar­ar.

Saka frå Tolga kommune handlar om ei utnytting av inntektssy­stemet. Det kunne òg skjedd i ein større kommune.

ETTER AVSLØRINGA ER DET VIKTIG at kommunen ryddar opp. Det skal ikkje skje at kommunen stiller diagnosar før helseperso­nell gjer det.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway