Bergens Tidende

Jens Kihl

-

OR LITT OVER ein månad sidan flytta eg frå Oslo til Bergen. Eg hadde siste arbeidsdag i Oslo ein tysdag. Så sette eg meg i bilen, køyrde over fjellet og tenkte på det nye livet som skulle starte dagen etter.

Turen over fjellet varte og rakk. Gudvangatu­nnelen var stengt i lange periodar. Mot Bergen var det den eine omkøyringa etter den andre. «Det er vel sånn det skal vere på Vestlandet», tenkte eg og uroa meg mest over at kaffien på termosen var på veg frå lun til pisslunka.

Kvifor hadde eg ikkje fått med meg at det var arbeid i desse tunnelane vest for vasskiljet? Eg hugsar godt at NRK, VG og resten av riksmedia hadde store saker då Smestadtun­nelen – eit fem hundre meter langt lokk på Oslo vest – skulle vere innsnevra til eitt felt i kvar retning i 2015.

EKSPERTAR PÅ kødanning forklarte kva som kunne skje, og folk i Førde og Sveio kunne gle seg over nyttige saker som «Slik forbereder DU deg på køkaoset». Sjeldan har noko så lokalt blitt så nasjonalt. Skjønt, ein og annan skadefro bergensar hadde kanskje glede av å lese om «køhelvetet» austpå.

Tilbake i Sogn: No var det meir enn ein times ventetid på hovudvegen til landets nest største by. Det var det visst ikkje verdt å melde om. Men eg kom meg jo fram. Ein gjer jo som regel det.

EPISODEN SKULLE vise seg ikkje å vere eineståand­e. Sist veke sat eg heime ved kjøkenbord­et i Lille Øvregaten. Ute plaska det som vanleg ned, men inne var det godt og varmt. Det var Dagsnytt 18 på radioen. «Har du høyrt den om syklisten som sykla så sakte at han blei irettesett av politiet?» opna programlei­aren.

Det skulle handle om ein fyr som hadde sykla i kollektivf­eltet på Mosseveien i Oslo, og dette har politiet meldt han for. Les førre setning éin gong til. Landets viktigaste debattprog­ram spanderte tid på at nokon hadde skapt kø på ein veg i Oslo sør.

SJØLV OM programlei­aren sa at «no skal vi ikkje forelske oss i denne vegstrekni­nga», var det sjølvsagt akkurat dét som skjedde: Plutseleg sat det ein gjeng inni radioen min og prata om kor vidt det var rett at nokon på Austlandet kanskje kunne risikere å få ei bot. Ei bot.

OG DET VAR der, heilt plutseleg, at det gjekk opp for meg: Veldig mykje av det eg til no har trudd er riksstoff, er i røynda lokalnytt frå Oslo.

Eg er ein ekte Oslo-gut. Seks veker er det lengste eg har vore utanfor Ring 3 samanhenga­nde. Vi har eit ord for sånne som bur på same plassen heile livet og ikkje skjønar at det finst andre måtar å leve på: heimføding­ar.

DET GJEV NOKRE konsekvens­ar å vere ein heimføding i hovudstade­n. Når du skrur på radioen eller opnar avisa, leitar du gjerne etter det som på ein eller annan måte er relevant for deg. Då er det kanskje ikkje så lett å oppdage at journalist­ikken

 ??  ?? FLAUMEN GÅR: Denne veka var Evanger igj
FLAUMEN GÅR: Denne veka var Evanger igj

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway