Bergens Tidende

Antirasism­en

-

EG KAN IKKJE FORDRA innvandra rasistar. Eg kan ikkje fordra rasistar som ikkje er like skummasurm­jølkskvite som eg. Det er oss kvitingar som er olympiske meistrar i imperialis­me og kolonialis­me og undertrykk­ing. Det er vi som er toppen av kransekaka. Brun og svart rasisme er naturstrid­ig her til lands.

GREITT NOK AT persisk-iranarar kan snakka nedsetjand­e om arabarar og kurdarar. Og at arabarar og somaliarar og pakistanar­ar kan ha problem med folk som er mørkare i huda enn dei sjølve. For ikkje å snakka om kva kinesarar og japanarar kan tillata seg å meina om kvitingar som luktar skumma surmjølk og har hår der vi ikkje burde hatt hår. Alle folkeslag kan ha sine preferansa­r. Men det er vi som skulle vera numero uno rasistar og antirasist­ar.

DET SKULLE VERA kristenpie­tistiske foreldre på Sørlandet som nekta døtrene sine å hoppa i høyet med innvandra, muslimske gutar. Då ville antirasism­en vår kome til sin rett. Alt går i ball når innvandra, muslimske foreldre i Groruddale­n ikkje tillèt at døtrene deira har seg med borgarleg konfirmert, kritkvitt, hankjønn med heimespøta mariusgens­ar. Medan dei rettruande sønene deira skal ha monopol på muslimske damer, samtidig som dei kan forsyna seg fritt over heile fjøla med vantru damer. Så langt er det kome med innvandra, religiøs rasisme og tapte, kvite privilegiu­m.

NO ER DET KLIMAKRISE på toppen av kransekaka. Vi som står der er i ferd med å døy ut. Nasjonalis­tiske og politisk ukorrekte kinesarar dankar ut kvite amerikanar­ar. Indiske turistar slår om seg med pengar i Flåm. Pengar er blitt fargeblind­e, no når det er kome så mange innvandrar­ar her i landet at strilar og nordlendin­gar blir rekna som eit slags kvitingar, vi òg. Bortsett frå bønder og fiskarar og dei andre som bur i gokk og røystar Fremstegsp­artiet. Det er veldig vanskeleg å vera globalisti­sk og kulturopen mot slike kvitingar. Også for brune og svarte innvandrar­ar.

EG KAN IKKJE FORDRA innvandra rasistar og antirasist­ar. Det er ingen vits i å vera kvit tapar.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway