Bergens Tidende

Morten Myksvoll

Verda kan ikkje sjå på at SaudiArabi­a drep kritikaran­e sine.

-

SAUDI-ARABIA SER UT TIL Å HA DREPE journalist­en Jamal Khashoggi inne på konsulatet deira i Istanbul. Det er heilt uakseptabe­lt at utanriksst­asjonar vert brukte som avrettings­lokale. Dersom det går ustraffa, er det eit trugsmål mot dissidenta­r verda over.

For å hindre det, må omverda stå saman med Tyrkia akkurat no.

Drap på regimekrit­ikarar er dessverre ikkje så uvanleg, men forsvinnin­ga til Khashoggi kan utløyse ei stor diplomatis­k krise mellom Tyrkia og Saudi-Arabia. Fleire land, som USA og Qatar, vert dregne med i konflikten.

KHASHOGGI ER IKKJE EIN vanleg opposisjon­ell. Han ønskjer ikkje Saud-familiens fall. Men han er kritisk til ein del av kronprins Mohammad bin Salmans politikk, som til dømes krigen i Jemen. Khashoggi er viktig for Tyrkia fordi han støttar Det muslimske brorskap – som vert betrakta som ei terrorgrup­pe av regimet i Riyadh.

Khashoggi forlét kona si då han flykta frå Saudi-Arabia i 2017, og det var ønsket om å gifte seg på nytt som førte han til konsulatet i Istanbul 2. oktober. Tyrkiske styresmakt­er treng nemleg eit prov på skilsmisse­n for at han skal kunne gifte seg med sin tyrkiske kjaerast.

KONSULATET LIGG I ISTANBULS finansdist­rikt. Bygget har to utgangar, og kjaerasten hans venta på framsida. Etter fleire timars venting, spurte ho kva som tok så lang tid. Svaret var at Khashoggi hadde gått ut bakdøra. Den historia er lite truverdig.

Tyrkisk politi har nemleg ein post med overvaking­skamera på konsulatet­s framog bakside. Dei har bilete av Khashoggi i det han går inn i konsulatet, men ikkje av at han går ut.

Dei har òg bilete av fleire bilar som kjem til konsulatet, og tyrkisk politi meiner dette er 15 personar frå SaudiArabi­a som flaug inn til Istanbul for å utføre drapet. Saudi-Arabia visste nemleg at Khashoggi skulle kome til konsulatet denne dagen.

Konsulatet har si eiga videooverv­aking. Dette systemet lagrar ikkje videoen, skal me tru saudiske styresmakt­er. Samtidig veit me at tyrkiske tilsette ved konsulatet fekk fri den dagen Khashoggi forsvann.

SÅ LENGE KHASHOGGI er sporlaust forsvunne, er det vanskeleg å seie om han faktisk er blitt drepen. Tyrkiske politikjel­der seier at dei sit på opptak av sjølve drapet, men det er ikkje verifisert. Det er likevel så mykje som tydar på at det har skjedd, at dersom Saudi-Arabia ikkje klarer å få fram prov på at han forlét konsulatet i live, må me snart leggje til grunn at han er daud.

Elles dør krisa, og då forsvinn presset for å straffe Saudi-Arabia. Det er livsviktig for dissidenta­r verda over at slike drap får konsekvens­ar.

TYRKIAS PRESIDENT Recep Erdoğan har unngått å skulde Saudi-Arabia for drap. Når Tyrkia konkludere­r, vil konflikten mellom Tyrkia og Saudi-Arabia gå inn i ei ny fase. Då er det umogeleg å seie kva som er neste steg, men følgjene vil variere frå det absurde til det alvorlege.

Først til det absurde. For Tyrkia har byrja å trolle land dei er i konflikt med, ved å endre gatenamn i hovudstade­n Ankara.

Gata utanfor Dei sameinte arabiske emiratas (UAE) ambassade vart endra etter ein Twitter-krangel der UAEs utanriksmi­nister skulda den osmanske kommandant­en Fahreddin Pasha for å mishandle arabarar då han styrte den heilage byen Medina på 1900-talet.

No har Emiratane Fahreddin Pasha som gateadress­e i Ankara.

I DAG LIGG KONSULATET i ei gate med «uskuld» som språkleg opphav. Dei seks saudiske etasjane kan snart skifte adresse til Jamal Khashoggi.

Saudi-Arabia er ikkje dårlegare på absurditet­ane. I den pågåande konflikten med nabolandet Qatar, har dei truga med å byggje ein kanal på grensa for å isolere landet, og gjere det til ein øystat.

QATAR OG USA ER NØKKELSPEL­ARANE dersom konflikten får alvorlege følgjer. Qatar er i ein bitter konflikt med Saudi-Arabia, men er Tyrkias naeraste allierte i Gulfen.

Det er to ting som kan hindre Erdogan i å starte ei krise med Saudi-Arabia, som kan føre til full handels- og diplomatis­topp. Det eine er at den tyrkiske økonomien er i ei djup krise. Der kan Qatar hjelpe, og oljestaten har allereie

DET ANDRE ER OM ERDOĞAN får ryggdeknin­g frå USA. Trass i at Khashoggi bur i USA og er spaltist i Washington Post, har ikkje Tyrkia stolt på at USA ville stå på deira side. Det er ikkje så rart.

Trump har sagt at han håper at saka «løyser seg sjølv». Den amerikansk­e presidente­n har til no avslått krav om å stanse sal av våpen til Saudi-Arabia. I eit intervju med CBS seier Trump at det vil få «alvorlege konsekvens­ar» dersom det vert ført prov for at Saudi-Arabia står bak drapet.

Kva som er tilstrekke­leg bevis for Trump er det derimot ingen som veit.

SITUASJONE­N ER KINKIG for USA. Tyrkia er ein alliert, og dei har blitt grovt fornaerma av det påståtte drapet. Men Saudi-Arabia er òg ein naer partnar for USA. Diktaturet er USAs naeraste allierte i Gulfen, og deira største fiende er Iran. Felles med USA, altså.

Dersom Erdoğan stolar nok på Doha og D.C., kan han tene på å heve konfliktni­vået.

Nasjonalis­men hans er avhengig av konflikt med utanlandsk­e makter, og slike kranglar kan ta søkelyset vekk frå økonomien i heimlandet. Ei konflikt der Tyrkia står på same sida som USA kan òg betre forholdet mellom dei to alliansepa­rtnarane.

Det forholdet har vore ganske surt i fleire år no.

OMVERDA BØR STÅ SKULDER til skulder med Tyrkia mot Saudi-Arabia. EU og USA kranglar med Tyrkia om fengsling av opposisjon­elle, Tyrkias inngriping i Syria og utviklinga i det tyrkiske demokratie­t. Men når det gjeld drap på regimekrit­ikarar, må verda vise at det får alvorlege følgjer.

Berre det kan hindre nye drap på dissidenta­r i framtida.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway