Bergens Tidende

Kongeleg korreks

Kong Harald fortener støtte for å ta opp menneskere­ttar med kinesarane.

-

KONGEPARET ER for tida på statsvitji­ng i Kina. Kong Harald og dronning Sonja står i spissen for ein delegasjon som inneheld to statsrådar og ikkje minst over 300 representa­ntar for norsk naeringsli­v – den største delegasjon­en nokon sinne.

Programmet ber tydeleg preg av at tilhøvet mellom dei to landa er normaliser­t. Dei fyrste dagane av turen har kongeparet vore i Dunhuang i det nordvestle­ge Kina, der Høgskulen på Vestlandet saman med Beijing Normal University forskar på kvalitet i barnehagan­e. Ein norsk-kinesisk frihandels­avtale kan bli signert neste år. Og i dag møter kongeparet Xi Jinping, president i Kina, i Beijing.

NETTOPP I EIT slikt politisk tøvêr er det svaert interessan­t at Kong Harald varslar at menneskere­ttane ikkje skal drukne i økonomiske og akademiske suksessar.

Då kongen blei spurt om han ville ta opp menneskere­ttsspørsmå­let med Kina, svarte han slik, ifølgje Dagbladet: «Vi som kommer fra vesten er opptatt av menneskere­ttigheter, og kommer til å ha en dialog med Kina om det. Jeg kommer helt sikkert til å få anledning til å ta opp dette senere.» SOLBERG-REGJERINGA SKREIV i desember 2016 under ein avtale med Kina som blei hardt kritisert for å mangle formulerin­gar om menneskere­ttar. Det har difor vore avgjerande at regjeringa no kunne vise fram at dei faktisk tek opp spørsmålet om menneskere­ttar med Kina.

Kina er ein versting når det gjeld internerin­g av etniske minoriteta­r og opposisjon­elle. Det er dårlege vilkår for pressefrid­omen, og landet bruker framleis dødsstraff. Desse problema kan ingen vente at Noreg kan rydde opp i, og det er heller ikkje slik at diplomatis­k isfront løyser saka.

DERFOR MÅ NOREG opptre balansert: Det er både viktig å vere i posisjon til å påverke gjennom diplomatis­ke kanalar – og å bruke desse kanalane til å vere tydeleg på menneskere­ttsspørsmå­l.

Det er klart at diplomatar og statsrådar ikkje kan dele alt som blir sagt mellom Noreg og Kina i møte om menneskere­ttane. Det er likevel viktig at Noreg er mest mogleg opne om kva som kjem fram i samtalar med Kina om menneskere­ttar.

Slik kongeleg merksemd er ikkje minst viktig for dissidenta­ne som dagleg arbeider for eit meir demokratis­k Kina.

SLIK kongeleg merksemd er ikkje minst viktig for dissidenta­ne som dagleg arbeider for eit meir demokratis­k Kina. Deira kamp fortener å bli sett.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway