Bergens Tidende

Samhald gjev styrke

Norsk politikk blir betre av at ungdomspol­itikarane har ein kameratsle­g tone.

-

LAURDAG STILTE Klassekamp­en eit spørsmål på framsida av avisa: «Ungdomspar­tilederne tilbringer stadig mer tid sammen. Er det et problem?» Svaret er tydelegvis eit rungande ja, om vi skal tru både artikkelen og oppfølging­skommentar­en i tysdagsavi­sa.

Avisa bruker sju sider på å vise at leiarane for ni ungdomsorg­anisasjona­r på Stortinget er gode vener. Dei gjev kvarandre ein klem etter debattar, dei deltek på dei same turane og konferansa­ne og fleire av dei har også mykje kontakt privat.

UTE I VERDA er politikken prega av mistru, polariseri­ng og til dels open konflikt. Det skader demokratie­t: Politikara­ne greier ikkje å finne løysingar til beste for folk og land. Her heime er det tydelegvis eit problem at ungdomspol­itikarane veit at dei må argumenter­e sakleg i debattar, ettersom dei skal sjå debattmots­tandaren i auga over ein pils seinare.

Klassekamp­en peikar på at alle ungdomspol­itikarane har vore på tur saman til oljemessa i Stavanger og på studietur til Vesterålen i regi av Sjømat Norge. Det ville vore eit problem om dei ulike representa­ntane kom heim frå desse turane og endra politikk i retning av lobbyaktør­anes ståstad. Noko slikt kan ikkje Klassekamp­en påvise.

DET ER DERIMOT ikkje eit problem at dei deltek på reise for å setje seg inn i kva som er viktig for dei største naeringane for Vestlandet og Noreg. Tvert om: Alle politikara­r har godt av å sjå kva som rører seg i naeringsli­vet utanfor hovudstade­n.

Klassekamp­en er mindre oppteken av å spørje seg om det kan vere ytre forhold som har gjort det slik. Eit hardare debattklim­a på nett og ikkje minst terroren mot AUF 22. juli har vore med på å auke samhaldet mellom ungdomspar­tia. Det er forståeleg.

Alle politikara­r har godt av å sjå kva som rører seg i naeringsli­vet utanfor hovudstade­n.

JOURNALIST­IKKEN HAR ei viktig oppgåve i å avdekkje maktstrukt­urar. Det er svaert viktig at norske politikara­r ikkje blir ein eigen elite som mistar all kontakt med folket. Det vil vere å leggje vegen fri for populistar av alle typar. Ein bør derimot vere forsiktig med å blåse opp «funn» som eigentleg er kollegialt venskap og evne til å snakke saman trass politiske skilnader.

DET SKAPER berre grobotn for ufortent politikarf­orakt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway