Bergens Tidende

Nordmann meldt for valdtekt av elev på russetur i Spania

- ADALHEIDUR AUDARDOTTI­R OLDEIDE adalheidur.oldeide@bt.no LARS KVAMME

Mannen var i Spania som følgje på ein russetur for rundt 100 skuleeleva­r frå Sogn og Fjordane.

Kommunikas­jonsansvar­leg for lokalt politi på Mallorca, bekreftar overfor BT at ein norsk mann blei arrestert av spansk politi i førre veke.

Mannen var i Spania som følgje på ein russetur for ungdommar ved to vidaregåan­de skular i Sogn og Fjordane. Totalt var cirka 100 russ frå fylket med på turen.

Torsdag i førre veke melde ein norsk skuleelev mannen til politiet for valdtekt, opplyser spansk politi.

Mannen blei framstilt for varetektsf­engsling i den lokale domstolen i Palma de Mallorca.

Lauslaten

Pressetals­kvinne for domstolen, Agnès Antich Andreu, stadfestar i ein e-post til BT at mannen blei fengsla 11. oktober, med ein kausjon på 9000 euro.

Tysdag morgon skal kausjonen ha blitt betalt, og mannen lauslaten. Andreu veit ikkje om mannen framleis er i Spania, men seier han har behalde passet og står fritt til å dra tilbake til Norge.

– Den mistenkte må vere tilgjengel­eg for etterforsk­arane, og dersom etterforsk­inga endar med tiltale, må mannen dra tilbake til Palma for ei eventuell rettssak, skriv Andreu.

Ho legg til at etterforsk­inga kan ta fleire månader.

– Tøff sak

Rektor ved den eine aktuelle skulen var sjølv med som far til ein av elevane som deltok på turen.

Han seier han ikkje kan kommentere bakgrunnen for at mannen er arrestert, men seier skulen samarbeide­r med kommunen og politiet for å ta vare på elevane.

– Det er klart at dette er ei tøff sak for dei involverte partane. Vi har fullt fokus på å ta vare på elevane.

Tysdag har rektoren vore innom fire klasser ved skulen for å snakke med elevar som deltok på russeturen.

– Vi har snakka om det som har skjedd og svarar på spørsmål frå elevane. Vi forsøkjer å følgje dei opp på ein god måte, seier rektoren.

Betalt kausjon

Guri Solberg ved kommunikas­jonsenhete­n til Utenriksde­partemente­t, bekrefta måndag at ein norsk borgar skal vere arrestert i Spania.

– Vi vil tilby konsulaer bistand i samsvar med fast praksis og gjeldande rammer for bistand til fengsla norske borgarar i utlandet.

UD ønskjer ikkje å gå inn på bakgrunnen for arrestasjo­nen.

Tilbake i Norge

Ungdommane landa laurdag.

Regionlens­mann i Sogn, Inger Lill Lanes, seier til BT at politiet har vore i kontakt med elevane som deltok på reisa til Spania, etter at dei kom tilbake til Norge.

– Politiet har vore i den eine aktuelle kommunen og snakka med elevar og foreldre som var der på tur. I den andre kommunen har politiet snakka med tilsette ved den aktuelle vidaregåan­de skulen, seier Lanes.

Inger Lill Lanes, regionlens­mann i Sogn

i Norge

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway