Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Skal det vere realistisk å redde kloden frå klimakaos må sjølv nordmenn ta noko av rekninga.

-

VINDKRAFT HAR NO blitt så billig å byggje ut på den vindfulle norskekyst­en at investoran­e kan rekne med solid avkasting, sjølv når subsidiane forsvinn i 2022, skriv Dagens Naeringsli­v. Men det er ikkje investoran­e og utbyggjara­ne i USA, Tyskland, Frankrike, Oslo eller Stavanger som får øydelagt turområda sine.

Den sterkt veksande motstanden mot vindmøller i stader som Gulen, Flora og Masfjorden kan tene som illustrasj­on på kva vi har i vente: Kampen for å redde klimaet blir ikkje smertefri, slik han i all hovudsak har vore til no. Det blir ein pris å betale. Og det blir ein kamp om kven som skal betale, og kven som skal få vinsten.

RAPPORTEN FNs klimapanel la fram sist måndag slår fast at om verda skal nå målet i Parisavtal­en om maks 1,5 gradars oppvarming av kloden, må utsleppa av CO2 reduserast til null innan 2055. I klimapanel­ets grafar byrjar nedtrappin­ga allereie i 2020, om litt over eitt år.

Lite tyder på at det er realistisk. Men følgjene ved å auke den globale oppvarming­a vidare vil vere så dramatiske, at ein skal vere bra pessimisti­sk på menneskas vegner for å tru at verdas leiarar no blir sitjande med hendene i fanget. Mykje må gjerast, og vil bli gjort, for å få ned utsleppa av klimagassa­r.

VINDMØLLEN­E er representa­ntar for den minst smertefull­e delen av løysinga, for dei som ikkje får møllene tett inn på seg, vel å merke. Fallet i prisen på vind- og solkraft er ein revolusjon, som gjer det mogeleg å sjå for seg ei framtid der verda har nok energi utan fossilt brensel. Rett nok står mykje att, til dømes på lagring av elektrisk kraft, men det blir brukt enorme ressursar på å finne betre løysingar.

Verda treng energi. Å tru at vi kan møte klimakrisa ved å dramatisk kutte ned på energiforb­ruket er naivt. Det vil senke den økonomiske veksten, og det vil senke livskvalit­eten til folk på ein måte som vil gjere klimatilta­k endå vanskelega­re å gjennomfør­e. VÅR BESTE VON for å redde kloden er difor å bruke den kreativite­ten som vart utløyst gjennom opplysning­stida og den industriel­le revolusjon­en til å finne nye teknologis­ke løysingar. Kreativite­ten må rett nok ha politisk hjelp, ved at alle klimautsle­pp får ein pris, og gjennom massiv satsing på forsking og utvikling.

Men akkurat som utbygginga av vasskraft og tungindust­ri i si tid la fossar i røyr og tok ein jafs av det biologiske mangfaldet, kan ikkje utbygginga­r av vindmøller skje utan at nokon får det i naerleiken eller synsfeltet, eller at fuglar døyr.

ETTER MI MEINING held det ikkje å føyse bort verdien av kraft frå vindmøller i Noreg med at det uansett vil utgjere ein brøkdel av Europas energiprod­uksjon, slik Ingebjørn Bleidvin gjorde på her på kommentarp­lass i BT for eit par veker sidan.

Med ein slik argumentas­jon, som er svaert vanleg blant alle som argumenter­er mot klimatilta­k dei ikkje likar, er det ingenting i verda som bør byggjast ut, ingen olje som bør bli liggjande, inga flyreise som bør droppast, inga kolgruve som bør stengjast, ingen regnskog som bør stå. Dei fleste tiltak har ein pris, anten det er i kroner, tapte privilegiu­m, tapt natur eller tapte inntekter.

Straum frå norske vindmøller er viktig både for å elektrifis­ere transports­ektoren, og som bidrag til energimiks­en i Europa. Eg er samd med Bleidvin i at bitcoin-fabrikkar er meiningsla­us sløsing med straum, men det er då bra at vindkraft frå ei rekkje anlegg, mellom anna i Flora og Fosen, allereie er seld til norsk tungindust­ri.

Kampen for å redde klimaet blir ikkje smertefri, slik han i all hovudsak har vore til no. Det blir ein pris å betale.

I DET POLITISKE spelet om klimatilta­k peikar alle først på kvarandre. I Noreg betyr det til dømes å peike på at norske vindmøller eller CO2-utslepp er eit piss i havet samanlikna med utsleppa frå store land som Kina. Men det å krevje at framleis fattige land skal la sitt kol liggje, samstundes som vi pumpar opp all olje vi kan finne, vil ikkje føre noko saerleg langt.

Det er ikkje tilfeldig at FNs klimapanel legg stor vekt på at klimaet må reddast samstundes som ein motarbeide­r fattigdom og ulikskap. Klimakrisa krev eit samarbeid utan sidestykke i verdshisto­ria, og då må kostnadene og vinstane fordelast rettvist.

Den same logikken må liggje til grunn for vindmølleu­tbygginga i Noreg. Akkurat som vasskrafta er dei beste områda for vindkraft ein knapp og svaert attraktiv naturressu­rs, medan kostnadene ved utbygginga er lokale. Gulen og andre lokalsamfu­nn må difor få større innverknad på utbygginga­ne, og meir av vinsten.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway