Bergens Tidende

Nato fyller Vågen med mineryddar­ar

Sju mineryddar­fartøy blir å sjå i Bergen, på veg til den største Nato-øvinga på fleire tiår.

- EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no foto BJØRN ERIK LARSESN

eDei sju skipa skal alle vere med på Nato-øvinga Trident Juncture, som byrjar torsdag i neste veke. Over 50.000 soldatar skal delta, frå meir enn 30 ulike nasjonar, og det blir stor aktivitet både på land, i lufta og på sjøen.

På sjøen er øvingsområ­det ute i Norskehave­t, og langs kysten frå Bergen nordover til Vestfjorde­n i Nordland.

Frå laurdag til onsdag vil sju utanlandsk­e mineryddar­fartøy liggje til kai på Vågen. Dei to første, kanadiske HMCS «Summerside» og HMCS «Glace Bay», kom allereie torsdag.

Også den norske mineryddar­en KNM «Måløy» frå Haakonsver­n skal vere med på Trident Juncture.

Totalt 70 skip

– Dei skal øve på å rydde miner og sikre sjøvegane. Det er avgjerande for å sikre at allierte styrkar kan kome til unnsetning sjøvegen, seier kapteinløy­tnant og presseoffi­ser Thomas Gjesdal.

Mineryddar­ane er alle med i Natos ståande mineryddar­styrke.

Totalt 70 skip, inkludert det gigantiske amerikansk­e hangarskip­et «Harry S. Truman», skal delta i øvinga, som er den største Nato har hatt i Noreg på fleire tiår.

Også

fregattar,

korvettar, ubåtar og kystvaktfa­rtøy er med.

Styrken vil bli delt opp i ein nordflåte, som nå er på veg frå Island, og ein sørflåte som skal samle seg i Trondheim.

– Scenarioet vi skal øve på, er at Noreg er under angrep og at allierte skal kome til unnsetning. Dei skal vise vilje og evne til å forsvare oss, og vi skal vise at vi kan ta imot dei, seier Gjesdal.

Følg med på radioen!

Heile Sjøforsvar­et, både Kystvakta og Marinen, er involvert, og ca. 1700 norske soldatar og offiserar skal delta i sjøoperasj­onane.

Øvinga betyr at det dei neste tre vekene vil bli mange militaere fartøy å sjå på sjøen. På Mørekysten vil det også bli minespreng­ing med skarp ammunisjon.

– For sivile på sjøen er det viktig at dei held trygg avstand, og at dei følgjer med på radioen, seier Gjesdal.

På landjorda vil det meste skje i dei nordlege delane av Oppland og Hedmark, og sør i Trøndelag.

Dei skal vise vilje og evne til å forsvare oss, og vi skal vise at vi kan ta imot dei.

Thomas Gjesdal, kapteinløy­tnant og presseoffi­ser

 ??  ?? STORØVING: Øvinga er den største Nato har hatt i Noreg på fleire tiår.
STORØVING: Øvinga er den største Nato har hatt i Noreg på fleire tiår.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway