Bergens Tidende

Straff journalist­drapet

Noreg må krevje at Saudi-Arabia blir stilt til ansvar for drapet på Jamal Khashoggi.

-

SAUDI-ARABIA HAR INNRØMT drapet på journalist­en Jamal Khashoggi. Men forklaring­a om at han døydde i ein slåstkamp inne på konsulatet er lite truverdig. Drapet må fordømmast av styresmakt­er verda over. Det må òg få konsekvens­ar for det saudiarabi­ske regimet.

Det er dessverre ikkje noko nytt at autoritaer­e regime utset kritikarar og journalist­ar for overgrep og drap. Jamal Khashoggi føyer seg sånn sett inn i ei altfor lang rekkje offer.

Like fullt er det svaert viktig at slike drap får konsekvens­ar.

UTANRIKSMI­NISTER Ine Eriksen Søreide (H) forventar at dei involverte i drapet vert stilte til ansvar. Men ho stiller ingen krav til regimet i Saudi-Arabia.

Drapsskuld­inga involverer ikkje berre dei som var i konsulatet då Khashoggi vart drepen. The New York Times har undersøkt dei 15 personane som tyrkisk politi mistenkjer for å ha reist til Istanbul for å utføre drapet, og knyter dei til kronprins Mohammed bin Salman.

Det er vanskeleg å tenkje seg at ein så omfattande aksjon mot ein så høgprofile­rt person kunne skje utan at regimet er involvert.

SAKA OM KHASHOGGI er blitt ei internasjo­nal krise, og USA, Tyrkia og Saudi-Arabia er saerskilt involvert. Det er lett for at pragmatisk­e omsyn og økonomiske interesser trumfar både menneskere­ttar og omsynet til utsette regimekrit­ikarar og journalist­ar.

Slik bør det ikkje vere. Ved å la slike overgrep passere for allierte, blir det sett ein uhaldbart låg standard som andre òg kan vise til.

Land som ikkje står midt oppe i konflikten bør leggje press på dei mest sentrale aktørane, for å passe på at drapet får konsekvens­ar for Saudi-Arabia.

NOREG ER EITT av dei landa. Canada er eit anna. Deira fordømming av drapet er kraftfull og set menneskere­ttane høgare enn andre interesser. Men Canada har vist med handling at dei står for orda sine.

Tidlegare i år hamna Canada i konflikt med nettopp Saudi-Arabia, fordi dei reagerte på arrestasjo­nen av menneskere­ttsforkjem­paren Samar Badawi. Ho er søstera til Raif Badawi, som er dømd til sju års fengsel og 600 piskeslag for å ha «vanaera islam».

Konflikten utvikla seg frå ein tweet til ei rekkje diplomatis­ke og økonomiske konsekvens­ar.

Drapet må fordømmast avstyresma­kter verda over.

I den konflikten måtte Canada stå heilt åleine, og dei har ikkje beklaga involverin­ga si. Krisa som oppstod etter drapet på Khashoggi krev at omverda er sterk nok til å sørgje for at Khashoggis drapsmenn ikkje går ustraffa. Det kravet gjeld òg den norske regjeringa.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway