Bergens Tidende

Jens Kihl

Kvinner blir trakassert ut av lokalpolit­ikken. Finst det håp?

-

SJØLVSAGT MÅTTE DET GÅ GALE. Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad frå Ap er ung, ho er kvinne, ho er einaste fulltidspo­litikar i kommunen – og ho valde å gå inn i ein krevjande politisk strid. Alt låg til rette for at ho skulle bli hetsa som lokalpolit­ikar.

Frå 1. januar 2020 finst ikkje Vågsøy kommune meir. I staden bur innbyggjar­ane i nye Kinn, som oppstår når dei slår seg saman med Flora. Protestane har vore sterke i nordfjords­kommunen: Både innbyggjar­undersøkin­g og folkerøyst­ing viste klare fleirtal mot.

MEN DET STOPPA ikkje der. For etter kvart kom det bølgjer av hets av Maurstad. Ho har valt å dele ein del av språkbruke­n på heimesiden­e til kommuneorg­anisasjone­n KS. «Send ordføraren til helvete» er av dei mildare uttrykka. Uttrykk som hore og fitte flagra i kommentarf­elta.

Til BT fortel Maurstad om kor tøft det var å stå åleine i stormen. Til slutt sa det stopp. Ho blei sjukemeldt. Maurstad er no tilbake på ordførarko­ntoret, og har valt å vere open om det som skjedde. Ho fortel at ho har fått mange tilbakemel­dingar frå andre kvinner i lokalpolit­ikken som fortel det same: Dei er sterkt plaga av hets og trakasseri­ng, men har trudd at det berre råka dei. Dermed har dei halde stilt om det.

VI VEIT IKKJE all verda om omfanget av trakasseri­ng mot kvinner i lokalpolit­ikken, men noko veit vi. Amnesty Noreg fekk i sommar utført ei undersøkin­g hos 50 kvinnelege politikara­r – halvparten frå lokalpolit­ikken.

Her kjem det fram at hetsen mot rikspoliti­karane er hardare enn mot lokalpolit­ikarane, men at fleirtalet har opplevd hets på nett. Det er likevel uklart om metode og utval her verkeleg kan fortelje oss noko om korleis dette problemet er sett saman. Noreg treng meir kunnskap om dette. Sjølvsagt blir òg menn hetsa, men det vi veit om problemet tyder på at det er verst for kvinner.

PÅ MANGE MÅTAR kan hets i lokalpolit­ikken vere tyngre enn i rikspoliti­kken. Den som trakassere­r deg kan vere oppmann på fotballage­t til ungane dine, han i kassa på butikken eller ein tilsett på rådhuset. Det blir veldig naert.

Det er vanskeleg nok å skaffe kvinner til kommunesty­relistene frå før. Leiaren av ei nominasjon­snemnd i ein vestlandsk­ommune fortalde nyleg at hen fekk ja frå så og seie alle menn hen spurde. For kvinnene var det annleis: For at lista skulle innehalde like mange kvinne- og mannsnamn, måtte det spørjast fire gongar så mange kvinner.

I DESSE DAGAR går tusenvis av kvinner rundt og lurer på om dei skal stille seg til disposisjo­n for lokalpolit­ikken. Noreg blir betre av at dei seier ja. Så kva kan vi gjere?

Sist veke kom Anja Sletteland og Hanna Helseth ut med «Det jeg skulle sagt» på Manifest forlag. Boka er ei handbok mot seksuell trakasseri­ng og truleg nyttig for mange kvinner i lokalpolit­ikken. Sletteland har eit råd som ved fyrste augekast kan verke svaert deprimeran­de, men som kanskje ikkje er det likevel:

FOR KOMMUNAR med kvinnelege lokalpolit­ikarar, med andre ord alle, må spørsmål om trakasseri­ng bli sett på som ei arbeidsopp­gåve. Sjansen for at kvinnelege lokaltoppa­r blir trakassert­e er diverre så stor at byråkratie­t må vite kva dei skal gjere når det skjer. Det er viktig at alle, både kvinner og menn, veit kor dei skal gå om dei opplever trakasseri­ng.

KS driv folkevaldo­pplaering for alle nyvalde kommunesty­re her til lands. Denne opplaering­a kan handle meir om å førebyggje, takle og motverke netthets. Det gjev òg eit signal om at dette ikkje er eit problem kvinner må takle åleine, men som skadar heile lokaldemok­ratiet.

Erfaringan­e frå rikspoliti­kken er at det er viktig å danne kvinnefell­esskap på tvers av partia. Ikkje minst kan det ha ein verdi at meiningsmo­tstandarar seier nei til hetsinga: «Ja, det er dårleg med desse bompengane, men det hjelper ikkje saka å true ordføraren.» Er sakene alvorlege, bør ein gå til politiet med dei. Trakasseri­ng må få konsekvens­ar.

Dette problemet går ikkje over av seg sjølv.

Kristin Maurstad fortel at ho fekk vener og andre til å svare nettrolla: Det kan vere bra å skjerme seg frå dei verste ytringane, samstundes som det fungerer dempande å gje folk saklege svar.

HO SEIER ÒG at det var viktig å få fleire til å stå saman med henne i den politiske striden. Om alle avissaker berre er illustrert med bilete av ordføraren, blir ho på ein heilt annan måte symbolet på saka enn om ho står saman med resten av koalisjone­n som har danna fleirtal.

Det siste er ei oppgåve for oss journalist­ar òg: Vi kan vinkle saker på ulike måtar for å dempe personfoku­set i vanskelege saker, vi kan moderere kommentarf­elt og vi kan sørgje for ei balansert dekning.

OG SÅ MÅ VI snakke om det. Dette problemet går ikkje over av seg sjølv.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway