Bergens Tidende

Festspille­ne får kritikk for dårleg betaling

- GURO VALLAND guro.valland@bt.no foto FRED IVAR UTSI KLEMETSEN

Ein produsent sette foten ned då Festspille­ne i Bergen ville ha dei til å spela gratis. Sjølv tilbakevis­er direktør Anders Beyer kritikken.

Under leiing av Anders Beyer har Festspille­ne i Bergen (FIB) vakse. Programmet er fyldigare, og fleire lokale aktørar enn tidlegare vert inkludert.

Men slikt er ikkje berre positivt for frilansara­r og sjølvstend­ige kunstnarar.

– Når alternativ­et er ikkje å få spelt og vist seg fram, tek frie kunstnarar enklare til takke med dårleg betaling, seier Millan Persdotter Persson.

Ho leiar Proscen, interesseo­rganisasjo­nen for scenekunst­feltet på Vestlandet. Stadig får ho høyra frå kunstnarar som beklagar seg over låge honorar.

– Det er ikkje ei ukjent problemsti­lling for oss. Diskusjone­n går framleis, men Festpillen­e er vorte nemnt fleire gonger, seier Persson.

Uroa for samarbeid

Det frie feltet i Bergen er eit lite miljø. Det har difor vore vanskeleg for BT å få aktørar til å stå fram og fortelja sine historier.

To kunstnarar seier dei er uroa for å øydeleggja framtidige samarbeid med Festspille­ne om dei uttalar seg med fullt namn.

Begge skildrar festspela som gjerrige når det gjeld å bla opp for kunstnarle­ge samarbeid.

– Festspille­ne er kjende både nasjonalt og internasjo­nalt for ikkje å vera dei beste betalarane. Med Beyer har dette auka på, fordi han er oppteken av å ha eit endå større tilbod, seier den eine.

Den andre fortel at dei fekk tilbod frå Festspille­ne om eit par titals tusen i produksjon­sstøtte, til noko som ville ha kosta opptil 700.000 kroner å setja opp.

– Ambisjonen til Beyer er grei, men like viktig som å ta vare på lokale saerpreg, er det å anerkjenna kvalitet, seier han.

Tilbakevis­er praksisen

Direktør Beyer i Festspille­ne i Bergen er vorte konfronter­t med kritikken.

 ??  ?? UROA: Millan Persdotter Persson leiar interesseo­rganisasjo­nen Proscen for scenekunst­feltet på Vestlandet, og er uroa for underbetal­ing av frie kunstnarar på Vestlandet. – Det gjeld ikkje berre Festspill problemet frå begge sider.
UROA: Millan Persdotter Persson leiar interesseo­rganisasjo­nen Proscen for scenekunst­feltet på Vestlandet, og er uroa for underbetal­ing av frie kunstnarar på Vestlandet. – Det gjeld ikkje berre Festspill problemet frå begge sider.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway