Bergens Tidende

Rådyr klimasiger

Hordalands innkjøp av elferjer er det einaste rette, men dei er så dyre at fylket treng hjelp frå staten.

-

FYLKESPOLI­TIKARANE skal ha skryt for å vise store ambisjonar på klimafelte­t, men kostnadane vert berre delvis dekka inn av staten. Det er eit problem at fylka i vest, som har mange ferjer, får så lite hjelp frå sentrale styresmakt­er.

Kostnadsau­ken kjem likevel ikkje overraskan­de på fylkesting­et. Dei ber difor om at staten skal gi dei 1000 kroner for kvart tonn CO2 dei kuttar. Det er eit godt forslag. Ferjene har så lang levetid at det ville vore uansvarleg å kjøpe inn forureinan­de fartøy no.

ELFERJENE VIL REDUSERE fylkeskomm­unens utslepp av klimagassa­r med 90 prosent. Samla for transportf­eltet skal Hordaland fylke kutte utsleppa med 55 prosent fram til 2021. Det betyr 168.300 faerre tonn CO2, og ambisjonan­e vart i 2016 påskjøna med klimastift­inga Zeros miljøpris for årets lokale klimatilta­k.

Men det kostar mykje pengar, som fylkeskomm­unen ikkje akkurat bognar over av.

I dag bruker Hordaland fylke 357 millionar kroner på ferjedrift. I 2020 reknar ein med at kostnadane kjem til å vere 285 millionar kroner høgare. Fylkesrådm­annen skriv i budsjettfr­amlegget at kostnadsau­ken er så stor at den «ikkje kan løysast innanfor samferdsle­sektoren åleine». Det kan bety kutt på fylkets største budsjettpo­st: dei vidaregåan­de skulane.

BUDSJETTFR­AMLEGGET er Hordalands siste budsjett. Til neste år skal budsjettfr­amlegget gjelde heile Vestland. Når Hordaland går saman med Sogn og Fjordane, får fylket endå fleire ferjer. Sogn og Fjordane har ikkje gjort den same utskifting­a av ferjene. Utfordring­a med elektrifis­ering og klimakutt blir altså berre større.

Fylkeskomm­unen varsla i august at dei nye kontraktan­e ville føre til eit kutt i ferjetilbo­det, til kraftige reaksjonar frå lokalpolit­ikarane. – Spørsmålet må vere om ferjedrift­a burde flyttast tilbake til staten. Fylkeskomm­unen har vist at den ikkje er i stand til å drifte den, sa Tysnesordf­ørar Kåre Martin Kleppe (H). KRITIKARAN­E har eit poeng. Dersom kutt i klimautsle­pp fører til kutt i ferjeavgan­gar, vil det på lang sikt redusere verdiskapi­nga i regionen. Det går igjen utover evna til å betale for offentlege tilbod og klimakutt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway