Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Norsk oljenaerin­gs viktigaste forteljing står for fall.

-

EIN HAUSTDAG i 2014 sat olje- og energimini­ster Tord Lien (Frp) på flyet til Brussel. Han var på veg til det som skulle bli eit svaert omdiskuter­t møte. På seminaret EU-Norway Energy Conference fekk EU-leiarane ei åtvaring frå Noregs oljeminist­er: Ikkje innfør eit bindande mål om 30 prosent energieffe­ktiviserin­g innan 2030.

Løysinga for å få ein kostnadsef­fektiv overgang til fornybarsa­mfunnet var i staden å erstatte kolkraftve­rk med norsk gass.

Slik byrjar boka «Europa uten gass. Er norsk gass broen til nullutslip­pssamfunne­t?», av tidlegare Unge Venstre-leiar Tord Hustveit. FORMA SOM ei studiereis­e rundt om i Europa angrip Hustveit ei av dei mest sentrale forteljing­ane om norsk olje og gass si rolle i det grøne skiftet. Forteljing­a er formulert slik på nettsidene til bransjeorg­anisasjone­n Norsk olje og gass:

Mindre gass fra Norge vil ikke vaere gunstig for klimaet. Naturgass er løsningen til å motvirke vekst av kull og oppnå utslippsku­tt. Naturgass er også den perfekte partner til fornybar energi, da de to til sammen vil redusere kullutslip­p og gi stabile energifors­yninger.

Forteljing­a er viktig av minst to grunnar. For det første som forsøk på å selje mest mogeleg gass til Europa, så lenge som mogeleg, som var det Lien prøvde å få til i Brussel. For det andre for å rettferdig­gjere tildeling av nye leiteområd­er for olje og gass, anten det er utanfor Lofoten eller i Barentshav­et.

Sjølv om den norske staten og oljenaerin­ga openbert prøver å mele si eiga kake, er ikkje gass som erstatning for kol i straumprod­uksjon eit utvetydig dårleg klimaargum­ent. Gasskraftv­erk slepp ut langt mindre CO2 enn kolkraftve­rk. Å erstatte kol med gass er truleg òg langt billigare pr tonn CO2 enn isolering av hus og andre energieffi­ktiviserin­gstiltak.

MEN LIKEVEL risikerer norsk gass å kome dårleg ut. Det handlar vèl så mykje om politikk og økonomi, som om klima. Men klimakrisa er likevel kjelda til problema:

EU aukar stadig ambisjonan­e for kutt i klimautsle­pp. Då blir det mindre rom til all fossilt brensel, sjølv gass.

EU-landa må dessutan importere gassen, medan dei produserer kol sjølv. Sjølvforsy­ning er eit argument i EU òg. I tillegg er kollobbyen langt sterkare enn gasslobbye­n i EU. Omsyn til arbeidspla­ssar i kolgruvene trumfar Liens kostnadsar­gument, sjølv om aukande prisar på CO2-kvotene i EU no råkar kolkrafta stadig hardare .

Sjølvforsy­ning og omsyn til arbeidspla­ssar er òg medverkand­e til at Lien tapte kampen mot energieffe­ktiviserin­ga. Isolering av hus, legging av nye straumledn­ingar og så vidare kan skape hundretuse­nvis av arbeidspla­ssar. EU vedtok difor sterkare krav enn dei Lien argumenter­te mot.

Gasskraft er òg truga av prisfall på fornybar kraft og teknologis­ke nyvinninga­r innan distribusj­on og lagring av elektrisit­et. Som det kjem fram av sitatet frå Norsk olje og gass, er eit av hovudargum­enta for gasskraftv­erk at dei skal sikre straum når vinden ikkje bles og sola ikkje skin. Men no har tyske ingeniørar klart å få kolkraftve­rk til å skru opp og ned produksjon­en like kjapt som gasskraftv­erka. Dermed har gasskraftv­erka mista den fordelen.

Både i EU og elles i verda blir det dessutan satsa store summar på nyvinninga­r innan lagring og distribusj­on av elektrisit­et, som gjer at ein ikkje treng så mykje kraft frå justerbare kraftkjeld­er som kol-, gass- og vasskraftv­erk. ORDSKIFTET om framtida til norsk olje og gass har ein tendens til å bli noko svart/ kvitt. Norsk gassekspor­t har truleg mange år med god inntening framfor seg. EUs eigen gassproduk­sjon går raskt nedover. Ein gong etter 2022 vil òg produksjon­en frå eksisteran­de norske felt falle.

Samstundes er det grenser for kor raskt gass blir fasa ut i EU. Tre firedelar av gassen går til hushaldnin­gar og industri, ein firedel til gasskraftv­erk. Mange industripr­osessar vil vere avhengig av naturgass i lang tid, og å erstatte alle EUs gassfyrte komfyrar og varmtvassb­eredarar med elektrisit­et vil koste enorme summar. Dessutan er slik bruk av gass energieffe­ktiv.

Noreg eksportert­e i 2017 gass for over

200 milliardar kroner, nesten like mykje som vi tente på oljeekspor­ten. Oljedirekt­oratet ventar at gassproduk­sjonen vil halde seg på dagens nivå minst fram til

2022, som er det lengste prognosen deira går.

DISKUSJONE­N Hustveit går inn i handlar om Noreg skal satse på å byggje ut nye gass- og oljefelt. Sjølv er han positiv til å byggje ut i eksisteran­de områder, der det allereie finst røyrlednin­gar som kan frakte gassen ut.

Han er derimot skeptisk til å bruke milliardar på nye felt, som Barentshav­et. Det er eit viktig poeng. Hadde oljeselska­pa betalt gildet sjølv, ville dette berre handla om miljø og klima, og om ikkje «verdas rikaste land» burde bidra til klimabudsj­ettet ved å la vår olje og gass liggje.

Men fordi det norske folket betalar 78 prosent av investerin­gane, som skattefråd­rag eller direkte støtte til oljeselska­pa, handlar det òg om dette er smart bruk av felleskape­ts pengar.

Til no har skatteregi­met tent Noreg vel, og sikra investerin­gar, produksjon og inntekter. Men risikoen for at framtidas produksjon blir ulønsam stig med kvart nye klimatilta­k, med kvar krone CO2avgifte­ne går opp, og for kvar nyvinning innan produksjon og lagring av fornybar kraft.

Kva kunne vi brukt desse milliardan­e til i staden? Burde vi til dømes heller investert dei i skulevesen­et, i forsking og utvikling, i vekstfremj­ande skattelett­e? Den debatten bør vi snart ta.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway