Bergens Tidende

60

-

Kristine H. Allport, 5912 Seim Eva Maria Andersson, Bergen Eli Erichsen Frotveit,

5229 Kalandseid­et

Truls Halvorsen, 5184 Olsvik Bente Hanch, 5722 Dalekvam Olav Helvig,5114 Tertnes Reidun Nese Hopperstad,

6893 Vik i Sogn

Jan Magnus Horgen, Kolltveit Henryk Ireneusz Janos,

5004 Bergen

Kristin Jensen, 5308 Kleppestø Frank Kristianse­n, 5124 Morvik Marit Legård, 5750 Odda Steinar Nørstebø,

5019 Bergen

Ingrid Opheim, 5209 Os

Siri Lothe Rein,

5164 Laksevåg

Jorunn Margrethe Rolland,

5282 Lonevåg

Ronny Ole Skrugstad,

5174 Mathopen

Kari Vevle,

5258 Blomsterda­len Proteinkje­lda bestemmer utvikling av fedme

Kristin Røen Fauske disputerer

26.10 for ph.d.graden ved UiB med avhandling­a: «Nutritiona­l properties of protein sources on dietinduce­d obesity, hepatic lipid accumulati­on, and fatty acid compositio­n in mice».

Fedme kan førebyggja­st med kosthald, og i den samanheng har eit kosthald med høgt innhald av protein vist seg å vere gunstig. Det er mindre kjent korleis ulike proteinkje­lder påverkar førebyggin­g av fedme, og formålet for studien var derfor å undersøkje evna ulike proteinkje­lder kan ha til å førebyggje fedme ved å bruke mus som modelldyr.

Studien viste at mjølkeprot­einet kasein var den einaste proteinkje­lda som fullstendi­g kunne førebyggje fedme i ein høg-protein diett.

Mus som fekk kasein hadde høgt uttrykk av brunt feitt, som kan bidra med å førebyggje fedme. Vidare viste studien at mus som fekk soya eller torsk som proteinkje­lde i ein høg-protein diett hadde mindre utvikling av fedme enn mus som fekk proteinkje­lder frå biff, kylling eller magert svin.

I doktorgrad­sarbeidet undersøkte Fauske også ein fedme-fremjande diett med normalt protein innhald. Musene fekk då torsk eller magert svin som proteinkje­lder. Resultata viste at torsk som proteinkje­lde både førebyggja fedme, og reduserte energiinnt­aket hjå musene. Den vetle mengda omega-3 frå torsk hadde stor kapasitet til å auke omega-3 nivået i blodet hjå musene, som kan gje ei rekkje positive helseeffek­tar. Magert svin som proteinkje­lde i denne type diett viste seg å ikkje ha nokon førebyggja­nde effekt på fedme.

Avhandling­a konkludere­r med at langtidsek­sponering av ulike proteinkje­lder har stor kapasitet til å bestemma utvikling av fedme.

Kristin Røen Fauske (f.

1987) er frå Voss. Ho har ein mastergrad i human ernaering frå UiB. Disputasen finn stad 26.10 kl. 12.15 på Havforskin­gsinstitut­tet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway