Bergens Tidende

Fakta/U-864

-

Tysk ubåt, torpedert av den britiske ubåten HMS «Venturer» 9. februar 1945.

Alle dei 73 om bord omkom.

U-864 var på veg frå Tyskland via Noreg til Japan med teknisk personell og krigsmater­iell, blant anna ca. 67 tonn flytande kvikksølv, lagra på stålflaske­r.

Vraket av U-864 vart funne 2003.

for regjeringa. Eg håpar alle kan vere med på ein skikkeleg runde til i Stortinget, seier Lindås-ordføraren.

Dyrt og farleg?

Ap-representa­nt Rommetveit meiner det er heilt nødvendig med ei ny vurdering av kva det går an å få til på havbotnen. Den siste utgreiinga frå Kystverket

om heving av kvikksølve­t er frå 2014. Dei konkludert­e med at det både er meir risikabelt for miljøet og mykje dyrare å hente opp kvikksølve­t, samanlikna med å dekkje til.

Fagetaten viser til utrekninga­r som norske og utanlandsk­e ekspertar har stilt seg bak, og som estimerer at ei tildekking av vraket vil hindre at noko lekk ut dei neste 3400 åra. Også etter den tid vil lekkasjane vere heilt minimale, ifølgje desse fagfolka.

Kritikk frå fleire miljø

Utrekninga­ne har fått sterk kritikk, blant anna frå pensjonert kjemiprofe­ssor Einar Sletten ved UiB. Han har forska mykje på kvikksølv, og meiner det ikkje stemmer at miljøgifta vil liggje trygt ved tildekking. Kystverket­s arbeid har også fått kritikk frå fagfolk i subsea-miljøet på Vestlandet, som meiner ei heving av lasta eller vraket ikkje vil vere så vanskeleg eller farleg som Kystverket vil ha det til.

– Eg har mindre tru på å få opp både vrak og last. Men saka har ikkje vore vurdert av dette Stortinget, og vi kan ikkje ta lett på saka, seier Rommetveit.

Også Ap gjekk i si tid inn for å dekkje til vraket, då dei sat i regjering i 2007, men snudde etter ei stortingsh­øyring.

Høgre og Frp har snudd

Før stortingsv­alet i 2013 dreiv H og Frp valkamp på at kvikksølve­t skulle opp.

«Om hele vraket skal opp, eller om det blir lasten, det skal jeg ikke ha sagt her og nå. Men det blir ikke tildekking som etterlater forurensin­gen og den uvissheten og sprengstof­fet i all framtid», sa Høgres stortingsr­epresentan­t Øyvind Halleraker til NRK Brennpunkt i 2013.

Samferdsel­sdeparteme­ntet ønskte fredag ikkje å kommentere utspelet frå opposisjon­en, og viser til at det er opp til Stortinget sjølv å avgjere korleis denne saka blir handtert.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway