Bergens Tidende

Røkketårne­t

-

TROND MOHN SEIER han betaler skatt med glede. Mykje skatt. Han strør om seg med milliardar til kreti og pleti. Men har ikkje anna enn ballbingar og sjukehusut­styr å visa att for seg. Kjell Røkke satsar på Nordens høgaste hus, han. Pluss verdas største havforskin­gsskip (og verdas største yacht). Kven trur du blir mest glamorøs?

TO HUNDRE METER HØGT og tre miliardar dyrt er dei strategisk­e tala for skyskrapar­en på Fornebu. Den er tenkt å raga i himmelsyne­t i sju prestegjel­d og bli fylt til randa med verdas fremste havforskar­ar (verdas skattebeta­larar må vel trø til med pensjonspo­eng og snus).

DET HASTAR MED BYGGJELØYV­E frå Baerum kommune, det hastar å berga havet, seier Røkke-direktør Nina Jensen. Det hastar så mykje at det raskaste nok ville vera å klessa til med tre milliardar til eit røkketårn eller to der havets redningsfo­lk alt er på vakt. I Bergen. I Tromsø. Eller i Longyearby­en. Minitårn, om ikkje anna.

Hadde berre Røkke budd i Bergen. Eller i Tromsø, eller i Longyearby­en. Men Røkke bur i Asker, han. Han vil sykla frå hybelen til tårnet sitt. Eller fyra opp reketrålar­en sin. Som rimeleg er. Det er dessutan liten vits i å byggja Nordens høgaste hus ute av syne for Storting og styringsve­rk og Skavlan og Lindmo. Eit to hundre meter høgt tårn i Jekteviken ville vore usynleg for alle andre enn bergensara­r og strilar og Vi over 60. Same om tårnet var kongeblått eller gammalrosa.

DET FINST SIKKERT hundreogtr­ettifire gongar fleire havforskar­ar i Bergen enn inst i Oslofjorde­n. Men Kjell Inge Røkke veit kva han gjer. Har du blått nok og høgt nok tårn, får du Erna på kroken. Har du både verdas høgaste havforskin­gshus og verdas største havforskin­gsskip, snakkar vi om seriøst dametekke. Fiskaren frå Molde hev vore kan kanskje bli kompis med dronninga av Jordan, han. Og Bill Gates. Hotte folk.

Trond Mohn er kompis med fotballspe­larar og kulturkjer­ringar og sjuklingar opp og ned langs kysten. Du må lura på om han veit kva farge det er på ballbingan­e han har etterlete seg land og strand rundt.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway