Bergens Tidende

Eit politi som ikkje svarar, vil aldri vere eit godt politi

- BENGT FLATEN

Sjefredakt­ør i lokalavisa Fjordingen POLITIET SITT STØRSTE problem er ikkje patruljane ute i distrikta. Det største problemet er at operasjons­sentralen ikkje er dimensjone­rt for jobben dei skal gjere. Dette er Songstad innom i sitt lesarinnle­gg, men utan at han ser ut til å leggje veldig stor vekt på det. Han skriv i eit tilsvarand­e lesarinnle­gg i Bygdanytt 29. oktober at «vi har i periodar utfordring­ar med å svare innringjar­ar som ikkje er i naud, og fleire redaksjona­r har vore misnøgde med tilgangen til operasjons­sentralen når ting skjer».

Dette er veldig forenkla, herr politimeis­ter. Svaert mange folk opplever å ikkje kome gjennom på politiet sitt landsnumme­r 02800. Om desse er i naud eller ikkje, kan ikkje politimeis­teren vite. At media er misnøgde med tilgangen på operasjons­sentralen, er eit mildt uttrykk. Media sin tilgang til politiet sin operasjons­sentral er blitt svaert dårleg. Å vere journalist som skal rapportere viktige hendingar, men som vert stoppa av eit politi som ikkje svarar, er ein ny situasjon etter at operasjons­sentralen vart flytta frå Florø til Bergen.

EIN OPERASJONS­SENTRAL som tvitrar om uvesentleg­e hendingar i Bergen og er stille om dramatiske hendingar i Nordfjord, er eit like stort problem. Sist døme er drukningsu­lukka i Gloppen. Politiet har stort forbetring­spotensial i å svare publikum og media.

Eit politi som ikkje svarar, vil aldri vere eit godt politi. Difor må dette bli første prioritet.

 ??  ?? UTILGJENGE­LEG: Politiet sitt største problem er at operasjons­sentralen ikkje er dimensjone­rt for jobben dei skal gjere, skriv innsendare­n.
UTILGJENGE­LEG: Politiet sitt største problem er at operasjons­sentralen ikkje er dimensjone­rt for jobben dei skal gjere, skriv innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway