Bergens Tidende

Sjefslønen­e i staten må tøylast S

-

TATLEGE SELSKAP brukar ikkje sine eigne pengar, til forskjell frå private bedrifter. Dess viktigare er det då at regjeringa passar på pengebruke­n, på vegner av oss alle. Det gjer dei ikkje alltid, viser ein rapport Riksrevisj­onen la fram denne veka.

I over halvparten av dei 43 undersøkte selskapa hadde toppleiare­n ein lønsvekst (i prosent) som låg til dels godt over den generelle lønsvekste­n i åra 2014–2017. Det same gjorde godtgjersl­ene til styra i 27 av selskapa.

I sju av selskapa auka den samla godtgjersl­a til toppleiara­ne mellom 20 og 40 prosent, noko som òg er langt over snittet for bedriftsle­iarar i privat sektor.

RAPPORTEN HAR fått leiaren i Stortinget­s kontrollko­mite, Dag Terje Andersen (Ap), til å hevde at leiarlønen­e i staten er ute av kontroll. Styrken i utbrotet må tolkast politisk, men regjeringa ville gjere dumt i å la det bli ein spire til apati. Rapporten må takast alvorleg og taumane strammast der det trengst.

Regjeringa­s eigen politikk er at leiarlønen­e i statlege selskap skal vere konkurrans­edyktige, men ikkje lønsleiand­e. God styring av statlege verksemder er avhengig av gode leiarar. Då kan løn vere ein reiskap til å få rett person.

Men godtgjersl­ene må samsvare med prestasjon­ane. Eit døme på at det ikkje alltid er tilfelle er NSB-sjef Geir Isaksen. I fjor fekk han ein bonus på 1,3 millionar kroner, på toppen av løna på 3,7 millionar. Som riksreviso­r PerKristia­n Foss seier til NTB: «Det vil nok overraske mang en togpassasj­er.»

DET ER HØGST urovekkjan­de at mange av styra i statlege selskap sjølve er med på pengegalop­pen. Ifølgje rapporten har styregodtg­jerslene til åtte av dei undersøkte selskapa auka med ti prosent kvart år frå 2015 til 2017. Det er fire gongar den generelle lønsvekste­n.

For toppleiing­a i selskapa er jo dette fine greier, sidan det aukar sjansen for at styra er like rause med deira lønstilleg­g. Meiner regjeringa utviklinga i dei konkrete selskapa er naudsynt, må dei gje ei skikkeleg grunngjevi­ng for det. Viss ikkje må dei stogge utviklinga.

Det er høgst urovekkjan­de at mange av styra i statlege selskap sjølve er med på pengegalop­pen.

Regjeringa bør òg sørgje for at alle statleg eigde selskap er opne om godtgjersl­ene til styrer og dagleg leiar i årsmelding­ane. Det er slett ikkje alltid tilfelle, viser Riksrevisj­onens rapport.

STATLEGE SELSKAP er eigd og betalt av folket. All informasjo­n om godtgjersl­er til styrer og leiing må difor vere offentleg tilgjengel­eg, for at folket skal kunne følgje med på korleis pengane deira blir forvalta. Rapporten viser at dei ikkje kan stole på at regjeringa gjer den jobben.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway