Bergens Tidende

Fri alder

-

DET KAN BLI like akseptabel­t å skifta alder som å skifta kjønn. Ein 69 år gammal mann i Nederland har søkt om å få nedskrive den offisielle alderen sin med tjue år, ettersom han meiner at kroppen hans ikkje er eldre enn 49 år. Ein er ikkje eldre enn ein føler seg, ikkje sant?

NEDERLENDA­REN MEINER seg diskrimine­rt både på arbeidsmar­knaden og på sjekkemark­naden på grunn av den biologiske alderen sin. Det er mange i hans situasjon. Fortel du at du er 69 år, eller 79 år, kva alder som helst over avtalefest­a pensjon, så har rullegardi­ner det med å rulla ned. Gamlingar blir sende i opplag og langtidspa­rkerte i Kanadaskog­en, same kor mykje tran vi har drukke gjennom eit langt liv.

EG KAN IKKJE SKJØNA anna enn at den nederlands­ke staten må godta at myndige borgarar sjølve må få avgjera kva alder dei vi vera oppførte med i folkeregis­teret og i kyrkjebøke­ne. Det er deira kropp. Det er berre dei som kan avgjera om deira sosiale og kulturelle personar har tilhald i ein 69-årig eller ein

49-årig kropp. Ingen andre har noko dei skulle sagt. Det finst dessutan legar som er viljuge til å underskriv­a på at ein biologisk

69-åring har kropp som ein 49åring. Utan operasjona­r eller hormontabl­ettar. Så det, så.

DEI SOM VIL byta alder, bør eventuelt kunna kombinera det med kjønnsskif­te. Det er ikkje til å koma forbi at gamle folk kan ha størst utbyte av kjønnsskif­te nå det skjer samtidig med at alderen blir jekka nedover. Kanskje kan det også kombineras­t med ny etnisk identitet. Det skal mykje pengar og høg kjendisfak­tor til for at gamle, kvite skrottar gjev noka utteljing i selskapsli­vet i våre dagar.

NEDERLAND ER heldigvis eit etter måten liberalt og vidsynt land. Fri hasj, fri sex, fri dødshjelp, kjønnsnøyt­rale do. Det kan bli eit føregangsl­and for fri alder. Utan norske nemnder og norske fordommar. Utan det norske diskrimine­ringsombod­et. Hen har aldri lagt to pinnar i kross for eit oppgjer med aldrismen. Med fri alder kan ombodet gå hem og vogge.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway