Bergens Tidende

Engelsk bør bli standard i norske farvatn L

Ulykka med fregatten KNM «Helge Ingstad» viser at kommunikas­jon på norsk svekkjer tryggleike­n langs kysten.

-

YDLOGGEN frå kollisjone­n mellom fregatten KNM «Helge Ingstad» og tankskipet «Sola TS» viser at kommunikas­jon gjekk føre seg på norsk. Det gjorde at førarane av fleire større fartøy i same området ikkje forstod kva som vart sagt. Først naer 50 minutt etter ulykka kom eit «mayday» på engelsk frå trafikksen­tralen på Fedje.

Det er høgst problemati­sk. Til dømes måtte eit av skipa som var på parallellk­urs med «Sola TS» gjennomfør­e ein unnamanøve­r for å unngå kollisjon med tankskipet. «Eg høyrde det var nokon som snakka på VHF før kollisjone­n, men alt føregjekk på norsk og eg forstod ikkje kva dei sa», fortalde styrmann Oleg Kuryanov på «Vestbris» til BT i etterkant.

NÅR SKIP i området ikkje forstår kva som blir sagt, kan dei heller ikkje gjennomfør­e kursendrin­gar som kan gjere det lettare for dei involverte skipa å unngå kollisjon. Dessutan kan språkvansk­ane føre til at andre skip ikkje kjem til assistanse til havaristan­e, eller at dette tek lengre tid enn naudsynt.

Om fråvaer av engelsk kommunikas­jon fekk slike konsekvens­ar i denne saka, er for tidleg å seie. Men ulykka har synleggjor­t ein veikskap i regelverk og praksis.

MYKJE TYDER på at problemet oppstod med innføring av farledsbev­is. Såkalla lospliktig­e skip opp til 150 meter treng ikkje lenger norsk los om bord, viss føraren er sertifiser­t til å føre skipet åleine i området, og skipet ikkje fører farleg last. I visse tilfelle kan òg endå større skip førast på denne måten.

Ifølgje Kystverket har 3300 navigatøra­r aktive, gyldige farledsbev­is. Av desse har 2434 Hjeltefjor­den inkludert i beviset.

Det er ingen krav til at desse førarane må kunne norsk. Samstundes har regelverke­t ingen krav om at kommunikas­jonen må gå føre seg på

eller engelsk, men på skandinavi­sk engelsk.

Med ein stadig meir internasjo­nalisert skipsfart, òg langs kysten, er det all grunn til å sjå på regelverke­t på nytt.

FRÅVAERET AV eit felles språk har potensial til å skape farlege situasjona­r. Det er vanskeleg å sjå nokon grunn til at ein ikkje skal innføre engelsk som einaste kommunikas­jonsspråk for skip i norsk farvatn. Det vil gjere norske farvatn tryggare for alle.

Det er vanskeleg å sjå nokon grunn til at ein ikkje skal innføre engelsk som einaste kommunikas­jonsspråk for skip i norsk farvatn.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway