To fylkesordførerkandidatar valde
BERGEN KL. 09.53: Vestland Venstre og Høgre har i helga vedteke sine vallister for fylkestingsvalet 2019. Gunhild Berge Stang (bildet) frå Fjaler vart samrøystes vald til toppkandidat for Vestland Venstre til fylkestingsvalet i 2019. Stang er i dag ordførar i Fjaler og gruppeleiar for Venstre i Sogn og Fjordane fylkesting. Ho får med seg Geir Kjell Andersland frå Bergen på andreplass. Ungdomskandidaten Agnes Hoshovde Bernes fekk tredjeplass og Alfred Bjørlo er kandidat nr fire. Silja Ekeland Bjørkly frå Bergen er Vestland Høgres fylkesordførerkandidat. Med seg øverst på lista får ho Noralv Distad, Aurland, Svein K. Halleraker, Stord og Dan Femoen, Bergen.