Bergens Tidende

Tankar frå ei halv abortnemnd

Dei fleste foster blir abortert grunna følgjande arvelege eigenskap: Dei kunne blitt barn.

-

viktig funksjon for nemndene er å sikra at kvinna har fått god nok informasjo­n og ikkje er utsett for press.

Naermast alle sakene eg har vore med på har vore soleklare sett frå mitt perspektiv, som nemndmedle­m. Alvorleg sjukdom hos foster. Alvorleg sjukdom hos mor. Svaert krevjande sosiale situasjona­r. Unge tenåringar. Med nokre få unntak har konklusjon­en vore tydeleg.

I motsetning til mine meir daglegdags­e, reint medisinskf­aglege vurderinga­r, er abortsitua­sjonen ei blanding av medisin, etikk, juss og samfunnsfa­g. Det er meir utfordrand­e.

DET GÅR FØRE SEG NO ein debatt om paragraf 2c i abortlova, som gir rett til abort etter veke 12 ved alvorleg sjukdom hos fosteret. Resultatet av debatten må sjølvsagt få konsekvens­ar for mine vurderinga­r, med mindre eg har planar om å gje blanke i lovverket, Stortinget og demokratie­t. Det er difor forvirrand­e å høyra helseminis­teren sei at «i praksis vil kvinnene som søkjer abort etter 12. veke, i like stor grad som i dag få innvilga det i fremtiden» sjølv om paragraf 2c blir fjerna.

Det høyrest ut som ei indirekte innføring av fri abort til veke 18. Det er korkje samfunnet eller kvinnene nødvendigv­is tent med.

DET ER SNUBLANDE lett å karikera motparten i denne debatten. Ventar du barn med funksjonsh­emming skal du hjelpast fram i mangfaldet­s namn. Det kan leggjast til rette med medisinar, hjelpemidd­el, personlege assistenta­r, heimesjuke­pleie og spesielt tilpassa bustader. Er du derimot lågt utdanna, deltidsarb­eidande åleinemor med tre barn frå før? Ja, nei, då er det like greitt at du berre tek abort. Du kan få litt ekstra barnetrygd om du absolutt må.

Motsett veg har me dei mange kampane foreldre til pleietreng­jande barn må kjempa for å få heilt grunnleggj­ande assistanse, og den botnlause sorga dei må kjenna på når dei føler at samfunnet med loven i hand seier at barna deira er uønskt.

Er det diskrimine­rande når det blir teke abort grunna kromosomfe­il, men ikkje diskrimine­rande med abort grunna fattige og hjelpelaus­e foreldre? Er diskrimine­ring på genetisk grunnlag verre eller betre enn diskrimine­ring på sosioøkono­misk grunnlag? Slik kan ein fortsetja å setja skjebnar opp mot kvarandre, utan at me kjem noko saerleg vidare.

Dagens abortlov er den minst dårlege løysinga på eit uløyseleg spørsmål.

DET BURDE VERA mogeleg å både anerkjenna det fulle og heile menneskeve­rdet til menneske med funksjonsh­emmingar, og anerkjenna at mange familiar ikkje maktar å ta på seg den udiskutabl­e belastning­a det er å få eit barn som vil vera fullt pleietreng­jande inn i vaksen alder.

Men her kjem den sterke polariseri­nga inn og blokkerer. Debatten fører ingen veg, fordi opplevinga av abortlova i dei ulike gruppene er gjensidig ekskludera­nde.

Imens får marginale mindretal uforholdsm­essig mykje plass: Unge Venstrelei­aren Sondre Hansmark som vil ha fri abort til veke 24, og Ropstad-fløya i KrF som meiner at «retten til liv må gjelde frå unnfangels­e». Underforst­ått: Abort bør eigentleg vera forbode.

NÅR ME SIT DER, tre eller fire personar i eit rom, og skal gjennomfør­a nemndbehan­dlinga, skulle me alle, alltid, ynskt at me slapp å vera der.

I nemndsitua­sjonen blir bekymringa­r for ei teoretisk framtid der det kanskje blir faerre alvorleg funksjonsh­emma barn noko høgst teoretisk. Forbod mot tidleg fosterdiag­nostikk kjennest som eit paternalis­tisk overtramp. Slike omsyn blir mindre viktig enn den heilt konkrete påkjenning­a det er for den enkelte kvinna å ta eit val om seinabort, uavhengig av grunn.

SVAERT MANGE foster endar si utvikling med spontanabo­rt. Nokre foster endar med provosert abort. Nokre foster endar som eit menneske. Det skjer ikkje plutseleg. Det skjer ikkje i rykk og napp. Det skjer gradvis, bit for bit, finjustert, heilt til det ikkje er nokon veg tilbake.

Slik er òg tilgangen til abort regulert ned utover i svangerska­pet. Gradvis, bit for bit, finjustert. Heilt til det ikkje er nokon veg tilbake.

Dagens abortlov er den minst dårlege løysinga på eit uløyseleg spørsmål. Det er

 ?? ARKIVFOTO: JAN M LILLEBØ ?? KOMPLISERT: I motsetning til mine meir daglegdags­e, reint medisinskf­aglege vurderinga­r, er abortsitua­sjonen ei blanding av medisin, etikk, juss og samfunnsfa­g, skriv Ingebjørn Bleidvin.
ARKIVFOTO: JAN M LILLEBØ KOMPLISERT: I motsetning til mine meir daglegdags­e, reint medisinskf­aglege vurderinga­r, er abortsitua­sjonen ei blanding av medisin, etikk, juss og samfunnsfa­g, skriv Ingebjørn Bleidvin.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway