Bergens Tidende

Overforbru­k av helsetenes­ter kan vere skadeleg for deg

-

Sjølv det mest ivrige og spandable helsevesen vil aldri kunne garantere at ein ikkje er sjuk.

Allmennleg­e i spesialise­ring og Ph.d.-kandidat, Institutt for global helse og samfunnsme­disin, UiB

Ei undersøkin­g vi sannsynleg­vis allereie utfører for mykje av i Noreg, er MR av kneet. Som regel er det snakk om tilstandar som går over av seg sjølv, med god hjelp av opptrening, skriv innsendare­n. seg sjølv, med god hjelp av opptrening.

I dei fleste høve vil resultatet frå MR i denne situasjone­n ikkje ha konsekvens for vidare behandling. Tek ein likevel MR av eit slikt kne, kan ein i verste fall kome i ein situasjon der andre tilfeldige funn på MR (som det kan vere vanskeleg å bedømme om eigentleg er årsak til smertene) gjer at avgjerda likevel fell på å operere. Ein risikerer i så fall å gå gjennom ein unødvendig operasjon som kanskje berre er skadeleg.

EIT AUKANDE repertoar av helsetekno­logi, blodprøvar og undersøkin­gar vil også kunne føre til meir overdiagno­stikk. Ein av farane er at ein oppdagar tilfeldige tilstandar som elles ville ha gått over av seg sjølv, eller som pasienten lukkeleg uvitande kunne hatt livet ut utan at det ville gitt sjukdom.

Då fangar bordet, som det heiter, og ein må i mange tilfelle gå vidare med utgreiing, som altså i verste fall er skadeleg. Store og unødvendig­e utgreiinga­r kan i tillegg gi auka bekymring og frykt.

I EIT HELSELANDS­KAP som dagens er det difor forfriskan­de at Den norske legeforeni­ng nyleg lanserte ein norsk versjon av den internasjo­nale kampanjen «Choosing Wisely», i Noreg «Gjør kloke valg».

Det er ein kampanje for å auke medvitet hjå både pasientar og laekjarar om at meir ikkje alltid er betre for pasienten. Ikkje dermed sagt at underdiagn­ostikk, for lite utgreiing, framleis ikkje førekjem. Still gjerne kritiske spørsmål til laekjaren om kvifor du ikkje skal ha meir utgreiing. Det må laekjaren tole og klare å svare på.

MEN STILL GJERNE OGSÅ det motsette spørsmålet: Er det verkeleg naudsynt med meir utgreiing no?

Dette skal etter mitt syn på ingen måte vere pasienten sitt ansvar, men noko pasienten har høve til. Om ein ikkje sjølv stiller seg eller laekjaren dette spørsmålet, så vit i alle fall at om laekjaren i visse tilfelle vel å sette foten ned for vidare utgreiing, så kan det vere med ditt beste i tankane.

 ??  ?? SVERRE LITLESKARE­GÅR OVER AV SEG SJØLV:
SVERRE LITLESKARE­GÅR OVER AV SEG SJØLV:

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway