Bergens Tidende

Opplegg for total overvaking

Regjeringa­s forslag til digitalt grensefors­var bør skrotast.

-

REGJERINGA sende denne veka eit forslag til ny e-tenestelov ut på høyring. Forslaget opnar for at etterretni­ngstenesta skal kunne lagre og søkje i metadata frå all nettrafikk som går inn og ut av landet. I tillegg vil dei òg kunne bruke denne informasjo­nen til å hente ut og lagre sjølve innhaldet i kommunikas­jonen, etter godkjennin­g i ein hemmeleg rettsprose­ss.

DET OPNAR OPP for ei massiv og unødvendig innsamling av data frå naer heile den norske befolkning­a. Alle sosiale medium kryssar til dømes denne grensa kvar gong dei blir brukt. Det same gjeld dei fleste e-post-tenester og søkjetenes­ter. Skal ein unngå trugsmålet om overvaking må ein unngå naer all form for digital kommunikas­jon. Det er det ikkje mange som gjer i Noreg i dag. IFØLGJE FORSVARSMI­NISTER Frank Bakke-Jensen (H) er hovudformå­let å sikre Noreg mot hackerangr­ep. Men Noreg har allereie eit slikt overvaking­ssystem. Det heiter Varslingss­ystem for digital infrastruk­tur (VDI).

Professor Olav Lysne, som leia utvalet som har lagt grunnlaget for lovforslag­et, vedgjekk til digi.no i fjor at det er ein veikskap med deira rapport at dei ikkje vurderte VDI grundig nok. Datatilsyn­et følgde opp med å be regjeringa greie ut dette og andre mindre inngripand­e alternativ.

I høyringsbr­evet avskriv regjeringa slike løysingar, fordi det vil svekkje etterretni­ngas mogeleghei­t til å oppdage potensiell­e trugsmål i høve til den løysinga dei foreslår.

SJØLV OM lova er meint å styrke overvaking­a av trugsmål frå utlandet, vil ho gje staten eit verktøy til naer total overvaking av landets borgarar. Det bryt med grunnleggj­ande prinsipp om privatlive­ts fred, og at ingen skal kunne etterforsk­ast utan ein konkret mistanke om noko straffbart. Å SIKRE NORSKE borgarar, bedrifter og infrastruk­tur mot trugsmål er viktig. Men slike omsyn må balanseras­t opp mot grunnleggj­ande menneskere­ttar for norske borgarar. I denne saka har regjeringa ikkje funne dette balansepun­ktet. I denne saka har dei gått for langt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway