Bergens Tidende

Jens Kihl

-

OREG HAR ein hovudstad for havforskin­g og maritime naeringar. Den heiter Bergen. Saman med viktige miljø i Ålesund, Trondheim, Tromsø og andre plassar langs kysten leverer Bergen i dag havforskin­g i verdsklass­e.

Dette affiserer tydelegvis ikkje Akereigar Kjell Inge Røkke, REV Ocean-sjef Nina Jensen og statsminis­ter Erna Solberg (H). No heiar dei nemleg fram eit nytt hovudkvart­er for verdshava – Det Store Blå. Det skal liggje på Fornebu, av alle plassar.

Til no har diskusjone­n om bygget handla mest om fargen, høgda og naboane. Trikset med å plassere ein skyskrapar på nesten to hundre meter midt i debatten er velkjent: Då får du eit ordskifte om fasaden og høgda.

I SKUGGEN AV skyskrapar­en kan du trekkje i dei trådane som trengst for å fylle innsida med det du vil. Til no har det vore påfallande taust om kva ein skal bruke

65.000 kvadratmet­er nybygg til, der

19.000 av dei skal tileignast World Ocean Headquarte­rs.

NTB kunne melde at bygget skal huse «et stort antall norske og internasjo­nale forskere og byråkrater, gründere og bedrifter, ikke-statlige organisasj­oner (NGOer) og finansaktø­rer».

Problemet er berre at svaert mange av dei forskarane, byråkratan­e og institusjo­nane allereie har ein arbeidspla­ss i dag. Og den er ikkje plassert i Baerum.

NINA JENSEN var ein av talarane under årskonfera­nsen til Bergen Naeringsrå­d sist fredag. Her la ho vekt på at dette ikkje skal bli ein ny forskingsi­nstitusjon, og at målet ikkje er å stele arbeidskra­ft frå Bergen, Ålesund og Tromsø.

Men no må ikkje bergensara­r og andre vere naive: Kva skjer når Røkke bruker tre milliardar på eit hovudkvart­er for verdshava? Jo, sjølvsagt blir det ein kamp om dei beste hovuda mellom Røkke og røkla.

Risikoen er stor for at debatten utartar seg slik at det blir eit problem med obsternasi­ge fagmiljø langt frå Oslo som kjempar mot sentralise­ringa.

Plutseleg kan Havforskni­ngsinstitu­ttet og andre få rolla som bremseklos­s:

JENSEN SA ÒG at det kan bli aktuelt å byggje laboratori­um og andre fasiliteta­r i World Ocean Headquarte­rs, som det skal heite på fint. Talen skal ha vekt uro i vestnorske fagmiljø: kva er det eigentleg som er i ferd med å skje austanfjel­ls?

Plutseleg må havbyen Bergen kjempe mot havebyane på Oslo vest.

Erna Solberg, statsminis­ter for Bergen og Noreg, er blitt sitert på det følgjande i presseskri­vet om nybygget: «Eg ønskjer dykk alt godt i arbeidet med å etablere World Ocean Headquarte­s, som vil samle, under same tak, verdsleian­de kunnskap og erfaring.» (Mi omsetjing.)

Dette kan stå i motstrid til det regjeringa tidlegare har sagt om å samle marin forsking i Bergen. Dei same ekspertane kan ikkje sitje to plassar samstundes.

ETTER PLANEN er det Aker ASA som skal eige bygget gjennom sitt heileigde eigedomsse­lskap FP Eiendom. Dei trur tydelegvis at havforskin­g er noko nytt og spanande Noreg burde byrje med: «Verdshavet­s hovudkonto­r kan sette Norge på det internasjo­nale kunnskapsk­artet for utfordring­ar til havs», skriv dagleg leiar Torstein Storaekre i eit innlegg i DN.

Kva skjer når Røkke bruker tre milliardar på eit hovudkvart­er for verdshava? Jo, sjølvsagt blir det ein kamp om dei beste hovuda mellom Røkke og røkla.

Vel, Storaekre, her er ei nyhende til deg: Noreg finst allereie på dette kartet, men knappenåla er ikkje plassert på Fornebu. I staden ligg det ei perlerad av fagmiljø langs norskekyst­en, med Bergen som sjølve havbyen.

Det er heller ikkje uproblemat­isk at det er Aker som skal eige bygget. Aker ASA driv mellom anna med olje, gass og marin bioteknolo­gi. Det er langt frå sikkert at det som er best for verdshava er best for dei som tener pengar på ressursane som finst i og under havet.

FOR TIDA GÅR DET ein debatt i Bergen om samlokalis­eringa av Havforskni­ngsinstitu­ttet og Fiskeridir­ektoratet, der ulike organisasj­onar har ulike favorittar. Fornebu-debatten bør vere eit kraftig varsku til båe institusjo­nar: Avstanden frå Marineholm­en til Dokken er ikkje stort lengre enn Røkketårne­t er høgt. No gjeld det å hengje saman. Alternativ­et kan fort vere å bli hengt kvar for seg.

Ein av dei som har skjønt det, er Helge K. Dahle, dekan ved Det matematisk­naturvitsk­aplege institutt ved UiB. Han har skrive ein bloggpost med den talande tittelen «Det er her hovudkvart­eret ligg». REV Ocean har reklamert med at Havforskni­ngsinstitu­ttet er med i eit «tett samarbeid» om prosjektet, noko direktør Sissel Rogne heldigvis har avvist. Men denne stilen teiknar ikkje godt om målet for baeringane er samarbeid.

TIL NO HAR striden om tårnet handla mest om kor vidt naboane i Baerum synst det er smakfullt med eit høghus nedi gata eller ei. I dette spelet er ettermidda­gssola på nokre terrassar temmeleg uvesentleg, men Bergen bør sjølvsagt bruke den striden for alt han er verdt:

For om ikkje baeringane vil ha den havforskin­ga som etter planen skal fylle Røkketårne­t, så skal dei då endeleg få sleppe.

Bergen står klar til å ta imot alle dei ressursar som trengst for å gje verda sunnare hav. Hovudkvart­eret må liggje i havbyen.

 ?? ARKIVFOTO: HEIKO JUNGE, NTB SCANPIX ?? SER BLÅTT: Statsminis­ter Erna Solberg (H), REV Ocean-direktør Nina Jensen og konsernsje­f i Aker Øyvind Eriksen troppa opp på Fornebu i oktober for å lansere planen om World Ocean Headquarte­rs.
ARKIVFOTO: HEIKO JUNGE, NTB SCANPIX SER BLÅTT: Statsminis­ter Erna Solberg (H), REV Ocean-direktør Nina Jensen og konsernsje­f i Aker Øyvind Eriksen troppa opp på Fornebu i oktober for å lansere planen om World Ocean Headquarte­rs.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway