Sjukepleiaranes kamp mot det private
og rekrutteringsbehov. Dette er eit grunnleggjande prinsipp for heile NHO, noko som forklarar motstanden mot både minstelønssatsen og meir fordeling via lønsstigar.
FOR SJUKEPLEIARFORBUNDET handlar krava om å hindre at privatisering av offentlege tenester som sjukeheimar blir ein måte å spare pengar på, gjennom dårlegare lønsog arbeidsvilkår.
Men det handlar òg om ideologi. Med unntak for Akademikerne, som organiserer økonomar, ingeniørar og andre med stor individuell forhandlingskraft, er forbunda i offentleg sektor sterke tilhengjarar av små lønsforskjellar. Sentrale forhandlingar sikrar dette.
Denne ideologien har allereie møtt motstand i staten, der Akademikerne dei seinare åra har fått gjennomslag for meir individuelle lønstillegg.