Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Sjukepleia­rstreiken handla djupast sett om privat sektor kan vere noko anna enn ein utvida del av det offentlege.

-

EIN MÅNAD har 56 sjukepleia­rar ved sju private institusjo­nar streika. Ein nøye kalkulert ulmebrann av ein streik. Stor nok til å råke arbeidsgje­varar, liten nok til at det ikkje set liv og helse i fare.

NHO trykte difor på atomknappe­n. Varsla at dei vil stengje ute 500 sjukepleia­rar ved 65 sjukeheima­r og andre institusjo­nar frå onsdag morgon. Det er første gong NHO brukar lockout i denne sektoren.

Resultatet var venta: Tysdag ettermidda­g greip regjeringa inn med tvungen lønsnemnd.

ALT TYDER PÅ at det er NHO som vil tene på å tvungen lønsnemnd i denne konflikten.

Krava til Sjukepleia­rforbundet går lenger enn det andre forbund har fått tidlegare. Sjukepleia­rane har mellom anna kravd ein eigen minsteløns­sats, som skal få opp løna til dei lågast lønte sjukepleia­rane.

Når andre forbund allereie har forhandla på eit område, plar rikslønsne­mnda leggje det til grunn.

Sjukepleia­rforbundet kan likevel få noko. Mellom anna meiner dei at NHO til no har tilbydd dei mindre tillegg, målt i prosent, enn det andre grupper har fått.

LIKEVEL VIL NHO ha sigra. For dei var det viktig å stå mot meir grunnleggj­ande endringar i lønssystem­et. NHO meiner Sjukepleia­rforbundet ville knyte både system og satsar tettare til oppgjeret i det offentlege.

Djupast sett handla difor konflikten om tilhøvet mellom privat og offentleg sektor. Skal private bedrifter som tilbyr tenester som òg det offentlege tilbyr, bli påtvunge dei same løns- og arbeidsvil­kåra som det offentlege?

Dette er hovudgrunn­en for motstanden i NHO. I det private er det vanleg at mesteparte­n av løna, gjerne to tredelar, blir fastsett i lokale forhandlin­gar. I det offentlege, spesielt i kommunane, blir mesteparte­n fastsett sentralt, altså for heile landet under eitt.

NHO si løysing gjer det mogeleg å fordele meir av pengane lokalt til enkeltpers­onar eller mindre grupper, etter innsats

I DET PRIVATE, mot NHO, møter denne ideologien på eit vis veggen. Det vil seie: sett frå dei fleste andre land er lønsdannin­ga i Noreg svaert sentralise­rt, der den konkurrans­eutsette industrien set klare grenser for kva andre kan få.

NHO er ein sterk forsvarar av systemet, ikkje minst fordi det held lønsvekste­n i det offentlege i tøyme. Den støtta ville ikkje vore der utan at private bedrifter får avgjere mesteparte­n av lønstilleg­ga lokalt. Då kan den einskilde bedrifta avgjere kva dei har råd til.

Det er dette systemet, eller ideologien om du vil, Sjukepleia­rforbundet har utfordra. Dei tapte denne gongen, og vil fort kunne gjere det igjen.

EITT GODT KORT har likevel sjukepleia­rane på hand: Alt tyder på at dei blir ei stadig større mangelvare i tiåra framover. Det kan skape eit press sjølv NHO vil slite med å stå imot.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway