Bergens Tidende

Jens Kihl

KrF gjekk bak ryggen på Frp. Det kan dei ikkje halde fram med.

-

ANDET HAR FÅTT eit statsbudsj­ett for 2019, men borgarleg glede over budsjettse­mje druknar totalt i kaoset KrF har skapt. Partiet gjekk til venstresid­a for å få fleirtal for å kutte i taxfree-kvoten. Og det gjer ein berre ikkje når ein samstundes skal lande eit statsbudsj­ett med høgresida.

Finanspoli­tisk talsperson og mogeleg ny partileiar Kjell Ingolf Ropstad forhandla statsbudsj­ett. I mellomtida køyrde den andre nestleiare­n, Olaug Bollestad, ein torpedo inn i budsjettsa­marbeidet ved å gå for ei viktig endring i taxfree-ordninga:

DÅ FRP-LEIAR og finansmini­ster Siv Jensen presentert­e regjeringa­s framlegg til statsbudsj­ett tidleg i oktober, var reaksjonan­e sterke internt i Frp. Ei kjelde peika på at talepunkta til Frparane var mistenkjel­eg få og svake.

Ja, for at det skulle bli ei liste av det, hadde Frp-arane fått lista opp gamle sigrar om igjen. Men det nyttar liksom ikkje å seie «vi fjerna arveavgift­a hausten 2013» når du skal selje inn Statsbudsj­ettet 2019 til tvilande partifolk.

Og i forhandlin­gar med KrF har Frp-sigrane blitt endå blassare. No er det omtrent berre endringa i maksgrense på eigedomssk­att som står att som ein skikkeleg Frp-karamell.

I FRP SKAL

utblåsinga frå stortingsg­ruppa DET ER SVAERT interessan­t å lese Frppressem­eldinga om budsjettfo­rliket. Her legg finanspoli­tisk talsperson og austevolli­ng Helge André Njåstad lite imellom: «Det er ingen hemmelighe­t at det finnes spenninger mellom oss og KrF», seier Njåstad i artikkelen som har fått det temmeleg avmålte namnet «Enighet om statsbudsj­ettet». Det er eit stykke herfrå til «eit godt budsjett har blitt endå betre», som gjerne var omkvedet for nokre år sidan.

Skal KrF faktisk gå i regjering med Frp, må dei oppføre seg som folk. Dei kan ikkje la seg freiste av små og store tilbod frå venstresid­a. Det vil slå hardt tilbake på KrF sjølve.

Ein kunne nesten kalle det borgarleg kaos.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway