Bergens Tidende

Eit barn treng meir enn morsmjølk

-

MORSMJØLK INNEHELD ein del komponenta­r som ikkje finst i morsmjølke­rstatninga, og er sjølvsagt det beste av dei to alternativ­a. Men i den siste tidas lesarinnle­gg kan ein få inntrykk av at det skulle det vere det einaste av betydning.

Eit barn treng meir enn morsmjølk. Eit barn treng tolmodige omsorgsper­sonar som held ut skriking og vakenetter. Eit barn som har fått tid frå starten av livet til å bli trygg på begge foreldra sine, vil ikkje ha vanskar med å veksle mellom dei. Dette vil gje meir opplagde, og sannsynleg­vis betre foreldre.

EIN TRENG IKKJE droppe amminga for å leggje til rette for at barnet skal bli trygg på begge foreldra. Men om barnet får ei flaske med erstatning eit par gonger i veka, tar det ikkje skade av det heller.

Med dei svaert rause ammetidsor­dningar me har i Noreg, kan mødrer som ammar byrje i jobb og samtidig halde oppe amminga. Arbeider du i kommunen, får du to timar lønna ammefri kvar dag. Arbeider du andre stader, har du rett på éin time. Dersom mor byrjar i jobb når barnet er fire–seks månader, er det anbefalt at barnet blir introduser­t for fast føde, og ammefrekve­nsen vil uansett gå ned. Resten av barnets behov er far eller medmor like godt rusta til å følgje opp. TOMMEL OPP for fedrekvote­n som legg forholda til rette for at born får to naere omsorgsper­sonar i staden for berre éin. Som ein bonus får me meir likestilli­ng i heimen og i arbeidsliv­et. Vinn-vinn for barn, fedrar og kvinner.

 ??  ?? BETRE FORELDRE: Eit barn som har fått tid frå starten av livet til å bli trygg på begge foreldra sine, vil ikkje ha vanskar med å veksle mellom dei. Dette vil gje meir opplagde, og sannsynleg­vis betre foreldre, skriv innsendare­n.
BETRE FORELDRE: Eit barn som har fått tid frå starten av livet til å bli trygg på begge foreldra sine, vil ikkje ha vanskar med å veksle mellom dei. Dette vil gje meir opplagde, og sannsynleg­vis betre foreldre, skriv innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway